Verksemda skal levera eik til bakveggane og balkongfrontane i operaen.
Kontrakten er verdt 25 millionar kroner, og dagleg leiar, Kristian Djupevåg, seier dei no kan tilsetja fleire folk.
Opptil sju nye tilsette
- Dette er ein veldig stor kontrakt for oss. Faktisk er det den største einskildkontrakten me nokon gong har fått. Det betyr at me no kan få fleire bein å stå på. Me treng nok opptil sju nytilsetjingar no, fortel han.
I dag er det 12-13 tilsette ved Djupevåg Båtbyggeri.