Hopp til innhold

Dømd etter trugsmål mot oppdrettarar

Miljøforkjempar Kurt Oddekalv er i Nordhordland tingrett dømd for å ha truga med å tømme gift i merdane til eit oppdrettsanlegg.

Kurt Oddekalv og oppdrettsanlegg

ANKAR: Kurt Oddekalv er dømd etter trugslar mot oppdrettsanlegg, men ankar saka.

Foto: Allan Klo/Villa

Det var på seinsommaren i 2011 at miljøforkjemparen gjekk høgt ut og sa han hadde tømt rotenon i eit oppdrettsanlegg i Sørfjorden. I realiteten var det fleire liter med H-mjølk han hadde helt ut.

Oddekalv fekk ei bot på 120.000 kroner som han nekta å betale. I Nordhordland tingrett er han no dømd til å betale 50.000 kroner i bot, skriv BA.

Reduserte bota

Ifølgje avisa meiner retten at påtalemakta ikkje har teke nok omsyn til at det er ein privatperson som skal betale bota, og at det ikkje dreier seg om føretaksstraff.

Ingen fisk døydde av mjølkestuntet, men politiet meinte likevel at aksjonen var eigna til å framkalle frykt hos dei tilsette i oppdrettsanlegget for at fisk ville døy og at ein dermed ville miste store økonomiske verdiar.

Ankar saka

Oddekalv meinte derimot at ei bot var uakseptabel.

– Dette er innanfor det demokratiet bør tole. Ein bør tole denne forma for gateteater, sa han då rettssaka starta.

Og no er han klar for å anke.

– Eg synest det er positivt at bota vart redusert, men eg meiner i utgangspunktet at vi ikkje skulle hatt ei bot, seier han til BA.