Hopp til innhold

Truga oppdrettarar - i dag møtte han i retten

Kurt Oddekalv truga med å helle gift i merdane til eit oppdrettsanlegg. – Det får dei jaggu tole, seier miljøforkjemparen som i dag måtte møte i retten.

Ole Bjørn Mevatne og Kurt Oddekalv

MØTTE I RETTEN: Kurt Oddekalv (til høgre) saman med aktor Ole Bjørn Mevatne.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Kurt Oddekalv fekk ei bot på 120 000 kroner for stuntet, men den har han nekta å betale.

Dermed var det duka for rettssak i Nordhordland tingrett i dag.

– Vi har ein demokratisk rett til å demonstrere mot oppdrettnæringens herjingar. Eg har ikkje brukt vald eller noko. At dei er blitt litt skremt, det får dei tole, seier Kurt Oddekalv.

Helte H-mjølk i merdane

Det var på seinsommaren i 2011 at miljøforkjemparen gjekk høgt ut og sa han hadde tømt rotenon i eit oppdrettsanlegg i Sørfjorden. I realiteten var det fleire liter med H-mjølk han hadde helt ut.

Andre miljøorganisasjonar tok kraftig avstand frå oppførselen til Oddekalv, og skreiv i ei pressemelding at "ein aksjon basert på løgn må karakteriseres som elendig".

- Aksjonen framkalla frykt

Lerøy Vest, som eig anlegget som fekk mjølken i merdane, opplyste til politiet etter aksjonen at ingen fisk hadde døydd.

– Dette er innafor det demokratiet bør tole. Ein bør tole denne forma for gateteater, held Oddekalv fram.

Politiet meiner at aksjonen til Oddekalv var egna til å framkalle frykt hjå dei tilsette i oppdrettsanlegget for at fisk ville døy og at ein skulle miste store økonomiske verdiar.

– Det var oppfatta frå dei at dette var ein reell skadehandling. Det ligg i handlinga at han trugar med å sprøyte gift i anlegget. Ein konsekvens at det ville bety at mesteparten av fisken ville døy, seier aktor Ole Bjørn Mevatne.

– Eg er skremt over måtar dei har øydelagt kysten vår på, svarar Oddekalv.

Det er sett av to dagar til saka.