– No har temperaturen vore oppe i 24,3 grader på Florida i Bergen, opplyser statsmeteorolog John Smits ved Meteorologisk institutt til NRK rett før klokka 19 i kveld.
Det betyr at temperaturen har stige nokre hakk etter at meteorologane melde om 24 grader og ny rekord mellom klokka 14 og 15 i ettermiddag.
Dei tidlegare rekordane for Bergen var frå 1980 og 1932, som begge hadde 23,7 grader på 17. mai.
Perfekt timing
Etter ein litt kjølig start på mai, fekk bergensarane stigande temperatur denne veka og altså full klaff på den store festdagen.
– Mai var mykje varmare i fjor enn i år i snitt. Likevel har det ikkje vore varmare akkurat på 17. mai i Bergen før, seier meteorolog Haldis Berge til Bergensavisen.
Statsmeteorolog John Smits seier til NRK at den nye bergensrekorden er sett på målestasjonen Florida.
– Dei to tidlegare 17. mai-rekordane for Bergen er sett på målestasjonen Fredriksberg. Men det er uansett rekord for Florida, seier Smits.
Varmt over store delar av landet
Smits seier det har vore varmt og fint i store delar av landet i dag.
– Unntaket er Finnmark og nordlege delar av Troms. Der har det vore ein del skyer, bitte litt nedbør enkelte plassar og litt lågare temperatur, seier statsmeteorologen.
Klokka 21 i kveld melder Meteorologene på twitter at det var målestasjonen Lillehammer-Bjørnerud som var aller varmast i dag. Der målte dei 24,7 grader.
Ellers var Kotsøy i Trøndelag blant dei varmaste, med 24,5 grader. Høg temperatur var det også i Etne i Hordaland, der gradestokken viste 24,4 grader i ettermiddag.
Smits blar tilbake i rekordboka, og finn ut at den varmaste 17. mai-dagen i Sør-Noreg var i 1980.
– Då var det varmast i Gvarv i Telemark med 27,5 grader, altså nokre grader høgare enn dagens høgaste temperaturar, opplyser Smits.
I morgon blir det kanskje ikkje så fint som i dag, ifølgje vêrvarselet.
– Men heldigvis er 17. mai i dag og ikkje i morgon, seier Smits.