Hopp til innhold

Ny ladestasjon gjer Haukelifjell-turen tryggare

Røldal har fått ein ny hurtigladestasjon for elbilar. Med det kan sjåførane føle seg tryggare på at dei har nok kapasitet på bilen til å kome seg over Haukelifjell.

Ladestasjon i Røldal

NY LADESTASJON: Den nye ladestasjonen for elbilar i Røldal gjer at elbil-sjåførar kan vera tryggare for at dei ikkje går tom når dei køyrer over Haukelifjell.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Her er ladestasjonen med to hurtigladarar, og ein langlading. Du tar den ut, set den i bilen, drar kortet over skjermen, og så startar ladinga, seier Kjell Morten Kvåle ved Odda energi.

Sentralt i Røldal ved E134 i Røldal demonstrerer han korleis den nye hurtigladestasjonen verkar. Sjølv om den offisielle opninga av ladestasjonen er 13. januar, kan den allereie no brukast for dei som vil lade bilen.

– Tryggare

Jan Ove Aasen

SIKRARE: Med ladestasjon i Røldal blir ferda tryggare for elbilar over Haukelifjell, seier Jan Ove Aasen i Odda energi

Foto: Tale Hauso / NRK

Mange har kvidd seg for å køyre over Haukeli med elbil om vinteren, men Jan Ove Aasen i Odda energi, meiner den nye ladestasjonen i Røldal vil gjera det tryggare å ferdast over fjellet på vinteren.

– Dei som køyrer over fjellet skal vera sikre på at dei har nok kapasitet på bilen til å komme over, før det blir for seint og dei blir ståande på Haukelifjell, seier Aasen.

– Batteriet tappast fortare når det er kaldt, og for at tryggleiken til elbil-sjåførane skal vera godt tatt vare på, så kan ein gjere topplading i Røldal før ein køyrer over fjellet, legg han til.

Etterspurt teneste

Ladestasjon i Røldal

LADESTASJON: To hurtigladarar og ein langtidsladar er no tilgjengeleg i Røldal.

Foto: Tale Hauso / NRK

Opprettinga av hurtigladestasjonen er eit samarbeid mellom Odda Energi, Hordaland fylkeskommune, Odda kommune og Transnova – etter eit ønskje og behov blant el-bilistar i lang tid.

– Me har hatt ganske mange som har spurt kvar det er mogeleg å lade på vegen, og dei har nok sett bilen i garasjen, og heller tatt buss eller køyrt bil med bensin eller diesel, seier Jan Ove Aasen.

– No er det mogeleg for dei med elektrisk bil å køyre også, legg han til.

Dei næraste ladestasjonane for dei som køyrer elbil på denne strekninga har til no vore i Etne, Odda og Bykle i Setesdalen. Dessutan har Tesla ein eigen ladestasjon på Vinje.