Norske sjøfolk reiser landet rundt for å legga press på regjeringa

BERGEN (NRK): Sjømannsforbundet krev betre løns- og arbeidsforhold for norske sjøfolk, og startar storoffensiv mot ordførarane. Regjeringa meiner kravet på sikt kan gje færre arbeidsplassar.

Stian Grøthe og Johnny Hansen i Norsk Sjømannsforbund

PÅ TURNÉ: Johnny Hansen (t.h.), leiar i Sjømannsforbundet, seier situasjonen er uhaldbar for norske sjøfolk i dag. Her saman med Stian Grøthe, direktør for politikk og myndigheitskontakt i forbundet, i Bergen.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Johnny Hansen og Stian Grøthe i Norsk Sjømannsforbund har starta rundreisa si til ordførarar over heile landet.

Saman med Norsk sjøoffisersforbund og LO krev dei betre vilkår for arbeidstakarar i norske farvatn og på norsk sokkel, så like som mogleg som på land.

I dag er det lovverket i landet skipet er registrert i som avgjer kva arbeidsvilkår og løn mannskapet får. Det gjer at norske sjøfolk må konkurrera med billeg utanlandsk arbeidskraft.

– Det er heilt uhaldbart. Norske sjøfolk kan ikkje konkurrera med dei vilkåra, seier sjømannsforbundsleiar Hansen.

Håpar på støtte

Bergensordførar Marthe Mjøs Persen (Ap) var den fyrste av minst 50 ordførarar som dei neste månadane får forbundet på besøk.

Persen støttar kravet om betre løns- og arbeidsvilkår, og meiner det er viktig for å sikra rekrutteringa til dei maritime næringane.

– Unge jenter og gutar skal ha lyst til å jobba på sjøen også i framtida. Maritime næringar står for ein vesentleg del av verdiskapinga i Noreg, påpeikar Persen.

Stian Grøthe og Johnny Hansen i Norsk Sjømannsforbund saman med ordførar Marthe Mjøs Persen.

FRIARFERD: Ordførar i Bergen, Marthe Mjøs Persen, er den fyrste av fleire ordførarar som skal få besøk av sjømannsforbundet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Etter ein liknande turné i 2017 bad Stortinget regjeringa bestilla ei utgreiing av handlingsrommet for å innføra norske løns- og arbeidsvilkår i norske farvatn.

Sjømannsforbundet og LO bestilte si eiga utgreiing. Begge konkluderte med at det er mogleg å få til.

Likevel ser Norsk Sjømannsforbund no behov for å søka ny ordførarhjelp.

– Ordførarane er den fremste stemma for innbyggarane, grunngjev Grøthe.

– For tidleg å seia noko

I løpet av 2020 skal ei stortingsmelding om den maritime politikken og spørsmålet om løns- og arbeidsvilkår leggast fram.

Hannah Atic (H), statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, seier det er for tidleg å konkludera med noko.

– Utgreiinga syner at det er juridisk mogleg, men den syner også at det er nokre negative konsekvensar ved å gjennomføra kravet, seier Atic til NRK.

Atic trekk fram at kravet kan føra til fleire arbeidsplassar på kort sikt, men at det på lengre sikt kan føra til dårlegare lønsemd for reiarlaga – og dermed tapte arbeidsplassar.

Hannah Atic

ÅTVARAR: Statssekretær Hannah Atic i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Willy Hage / NRK

Auke dei siste åra

På 80- og 90-talet skjedde det ei omvelting i norsk sjøfart, og utover 90-talet auka talet på utanlandske sjøfolk kraftig, syner ei gjennomgang Sysla har gjort.

Etter dette er statistikken mangelfull, men ein SSB-statistikk departementet bestilte i 2018 synte ei svak auke i talet på norske sjøfolk på norske skip dei seinaste åra.

Norsk Sjømannsforbund har også støttespelarar på Stortinget.

– Eg er overtydd om at norske løns- og arbeidsvilkår er utbetringa positivt, og langt overstig eventuelle negative konsekvensar, sa Terje Aasland (Ap) under trontaledebatten i haust.

Norske sjøfolk 2016-2018

2016

2017

2018

Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS)

1777

1910

2124

Norsk Ordinært Skipsregister (NOR)

15.778

15.300

15.417

Utenlandsk flagg

3123

2541

2600

Totalsum

20.678

19.751

20.141