Hopp til innhold

Vil samle støtte for utgreiing om norsk løn i norsk farvatn

Striden om norsk løn i norske farevatn held fram. Sjømannsorganisasjonane vil samle støtte langs kysten for å få greie ut ei slik ordning. Dei meiner dei kjempar for å bevare norske jobbar. – Proteksjonisme er ikkje vegen å gå, svarar Rederiforbundet.

Jan Nilsen vil ha med norske sjømenn inn i framtida

Jan Nilsen jobbar som kokk i Havila. Han har oppretta ei Facebookside som heiter «Vi som vil at alle norske sjøfolk skal vere med inn i framtida». Den har no over 12000 medlemmar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg meiner det er viktig å få greidd ut dette spørsmålet, seier Berhard Riksfjord (Ap).

Saman med stortingsrepresentant Else May Botten møter ordføraren frå Aukra representanten for sjømannsorganisasjonane på eit hotell i Molde.

– Det er vi glade for, seier Stian Grøthe.

Han er på rundtur langs kysten. I ni år har dei jobba for å få greie ut ordninga dei meiner vil sikre norsk arbeidsplassar. Dei siste åra har dei besøkt og fått støtte frå meir enn seksti ordførarar.

Møte mellom Bernhard Riksfjord, Stian Grøthe og Else-may Botten

Ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) i samtale med Stian Grøthe frå sjømannsorganisasjonane og stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap).

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Fleirtal mot å greie ut spørsmålet

I dag er det lovene i landet der eit skip er registrert som avgjer kva for arbeidsvilkår og løn mannskapet skal ha. Sjømannsforbunda meiner norske løns- og arbeidsvilkår bør gjelde på norsk sokkel.

I fjor la dei raudgrøne fram eit stortingsforslag om å greie ut ei slik ordning, men dette blei nedstemt. Grøthe seier dei no jobbar for å få saka opp på nytt.

Stian Grøthe, sjømannsforbunda

Stian Grøthe representerer Maskinistforbundet, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund når han reiser langs kysten for å samle støtte.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Vi vil vite meir om kva vi kan gjere innanfor avtalane vi har med andre land. seier han.

–No misser sjøfolk jobben fordi skip går i opplag. Det er sjølvsagt ikkje bra, men likevel forståeleg ut frå marknadssituasjonen. For oss er det lang vanskelegare å forstå at norske jobbar forsvinn fordi dei blir erstatta med billigare arbeidskraft frå utlandet.

Les meir: – Dei byter oss ut med billeg arbeidskraft

– Uroa for framtida

Jan Nilsen jobbar som kokk i Havila Shipping og er uroa framtida i offshorebransjen. Han har oppretta ei facebook-gruppe for folk som er opptatt av framtida i næringa. Til no har gruppa fått nesten 1300 medlemmar.

– Diskusjonane handlar om nedbemanningar og nedgangen i marknaden. Men mange fryktar også at reiarlaga kjenner seg pressa til å bytte ut norsk mannskap, seier han.

Rederiforbundet er kritiske

Amund Drønen Ringdal, Norsk Rederiforbund

Amund Drønen Ringdal i Norsk Rederiforbund er skeptisk til ei utgreiing.

Foto: Norsk Rederiforund

I Rederiforbundet er dei ikkje samde i at dette er vegen å gå. Næringspolitisk direktør, Amund Drønen Ringdal, kallar forslaget proteksjonisme.

–Med 1800 norskregistrerte skip i fart over heile verda er vi avhengig av internasjonale reglar som gir alle land lik marknadstilgang. Vi er eit lite land som lever av eksport. Å innføre norske løns- og arbeidsvilkår vil gjere norsk skipsfart lite konkurransedyktige internasjonalt, seier han.

–Denne type proteksjonisme vil ikkje gi fleire norske arbeidsplassar, tvert i mot, seier han.

Sjømannsorganisasjonane er usamde i karakteristikken og meiner ei utgreiing vil gi svar på om dette blir konsekvensane.

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad klarte ikkje få med seg partifellane i Frp til å stemme for ei utgreiing. Han vil ta ei ny runde om spørsmålet kjem opp i Stortinget igjen.

Foto: Arne Flatin / NRK

–Alle sjøfolk uansett nasjonalitet bør jobbe under same lønns og arbeidsvilkår, seier Grøthe.

–Slik er det på land, og slik burde det også vere på havet.

–Vil ikkje lure nokon

Frp er blant partia som har stemt i mot ordninga. Stortingsrepresentant Oskar Grimsta var usamd i det, men forsvarar likevel vedtaket.

–Frp meiner at å stemme for ei utgreiing ville vere å lure sjøfolk til å tru at dette er ei realistisk løysing. For Norge vil det vere eit minus om andre land gjer det same, og hindrar oss i å kome inn i deira marknad, seier han.

Bernhard Riksfjord, Else-May Botten og Stian Grøthe

Ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) i samtale med Stian Grøthe frå sjømannsorganisasjonane og stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap).

Foto: Jannicke Farstad / NRK

.