Hopp til innhold

Norsk forsking frå verdsrommet avslører hemmelegheiter om lynet

NYGÅRDSHØYDEN, BERGEN (NRK): For første gong har forskarar klart å rekonstruere eit naturfenomen som lenge var heilt ukjent. Det kan gi oss svar på korleis eit lyn startar.

ASIM-pakken til UiB på den internasjonale romstasjonen (ISS)

VERDSROMMET: Ein astronaut er på romvandring utanfor den internasjonale romstasjonen (ISS). Heilt oppe til høgre i bildet ser du røntgen- og gammainstrumentet som Birkelandsenteret for romforskning ved UiB har vore med å utvikla.

Foto: NASA

– Dette gjekk betre enn vi kunne drøyme om på førehand, jublar Nikolai Østgaard.

– Vi har tatt dei første bileta av jordiske gammaglimt nokosinne, konstaterer leiaren ved Birkelandsenteret for romforskning.

Vel eit år er gått sidan UiB-senteret var med å skrive historie for norsk romforsking.

I 14 år har eit europeisk samarbeid utvikla teknologi for å måle jordiske gammaglimt. Instrumentpakken Atmosphere-Space Interactions Monitor (ASIM), som norsk romindustri har levert viktige komponentar til, vart skutt til vêrs frå Cape Canaveral i Florida i april i fjor.

Nikolai Østgaard ved Birkelandssenteret for romforskning på UiB

TEKNOLOGI FRÅ BERGEN: Nikolai Østgaard saman med ein modell av instrumentpakken ASIM, som norske forskarar har vore med å bygge.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ukjent naturfenomen

Jordiske gammaglimt er eit naturfenomen som først vart oppdaga i 1994. Glimta blir produsert i forbindelse med lyn og torevêr, og utløyser enorme mengder med energi på svært kort tid.

Kvar dag blir det skapt tre millionar lyn på jorda. Ikkje alle skapar gammaglimt, men det er likevel svært mykje energi som blir frigjort i atmosfæren vår.

Forskarane lurer på korleis dette fenomenet inngår i det elektriske straumsystemet i atmosfæren.

Teknologi fra Bergen skal måle fenomen fra rommet. Se UiBs egne forklaringsvideo her.

SLIK GJER DEI DET: Teknologi frå Bergen skal måle jordiske gammaglimt frå verdsrommet. Sjå UiB sin egen forklaringsvideo om det europeiske samarbeidsprosjektet.

Kjem før lynet

Difor er det knytt stor spenning til kva romforskinga kan gi av ny innsikt.

Etter at instrumentpakken ASIM har hengt på Den internasjonale romstasjonen (ISS) i litt over eitt år, har Østgaard og kollegaene fått mange svar. Instrumentet er på storleik med ei vaskemaskin og inneheld både detektorar og kamera.

– Totalt har vi registrert over 200 gammaglimt, omtrent eitt om dagen. Trass i at dei berre varar i eit brøkdel av eit millisekund, har vi klart å rekonstruere kring 30 gammaglimt og funne ut kor dei vart laga, forklarer Østgaard.

Det har gitt forskarane ny forståing av rekkefølga på det som skjer inne i toreskyene.

Dei har fått bekrefta teorien om at gammaglimta oppstår etter at sterke elektriske felt blir bygd opp inne i skya, men før sjølve lynutladinga skjer.

Figurer fra UiB om jordiske gammaglimt

REKONSTRUKSJON: ASIM-instrumentet gjer det mogleg for forskarane å fange gammaglimtet og plotte den geografiske lokasjonen av kvar det skjedde.

Foto: UiB

– Har løyst ei gåte

Fagsjef Pål Brekke ved Norsk Romsenter seier det er svært gode nyhende at ASIM fungerer som den skal og at millionane som er skyvd inn i prosjektet har bore frukter.

– Koplinga mellom lyn og gammaglimt har vore ei gåte heilt sidan fenomenet vart oppdaga. No kan vi til dømes sjå om fenomenet er noko vi må ta omsyn til for å forstå atmosfæren. Kanskje påverkar desse kjempelyna klimaet, seier Brekke.

Østgaard er svært interessert i å finna ei forklaring på korleis eit lyn faktisk startar (ekstern lenke) i den vidare forskinga.

– Dette er fenomen som har masse energi i seg og det skjer rett over hovuda våre kvar dag. Så dette er vi nøydde til å forske på.