Bergensarane Alexander Helle og Michael T. Nartey bak motemerka Norwegian Rain og T-Michael opnar no dørene til endå ein flaggskipbutikk, denne gongen i Tokyo.
Frå før har dei butikkar i Bergen, Oslo og Paris. I tillegg blir produkta deira seld i ulike merkevareforretningar i 18 land og rundt 122 butikkar.
– Vi føler at Japan er det neste steget. Vi har blitt inspirert av Japan lenge, og Japan har blitt ein del av måten vi jobbar på, seier Michael T. Nartey.
Landet har lenge vore ein viktig marknad for designduoen, og dei fyrste internasjonale bestillingane kom frå nettopp Japan. Ti år etter at dei selde den fyrste regnfrakken, tar dei steget fullt ut.
Stor interesse internasjonalt
Dei to merka er ikkje aleine om å vere etterspurd utanfor Noreg.
Døme på norske motemerke som gjer det bra i utlandet er Holzweiler, Tom Wood, byTimo, Cathrine Hammel, Swims og We Norwegians.
Ifølgje leiar av moteklynga Norwegian Fashion Hub, Elin Kathrine Saunes, har det aldri før vore fleire norske merkevarer som har vekst internasjonalt.
Tal frå SSB vitnar likevel om at eksporten av klede frå Noreg har flata ut etter ein periode i vekst.
I 2018 blei det eksportert klede for 890 millionar norske kroner. I 2017 var talet 914 millionar. Men fordi ein del av kleda blir laga i utlandet og aldri er innom Noreg, viser ikkje denne statistikken heile biletet.
Europa er framleis den største eksportmarknaden, med nærare 90 prosent av eksporten. Men i tillegg kjem Sør-Korea, USA – og Japan.
- Les òg:
Ikkje berre ei regnjakke, men ein livsstil
Monica Hannestad, avtroppande leiar av Design Region Bergen, meiner dei to bergensmerka treffer tidsånda godt.
– Samstundes trur eg at Norwegian Rain og T-Michael kunne opna butikk i ørkenen og likevel sett salsrekord på regnjakker. Vi er ein del av eit internasjonalt samfunn og ynskjer å sjå bra ut, seier Hannestad.
– Eg trur dei treffer verdsborgar-marknaden, uansett kor dei vel å etablere seg.
Vil gjere kvarandre gode
For at bransjen skal utvikle seg vidare, må ein gjere kvarandre gode, meiner Helle og Nartey. Dei vil difor også fronte anna norsk design, som møblar, i butikken i Tokyo.
– Før sat ein på kvar si tue, og følte at ein var konkurrentar. No er heile verda i konkurranse, så då er ikkje eit anna lite merke frå Noreg den store frykta. Det er dei andre du konkurrerer mot, seier Helle.
- Les òg:
- Les òg: