Hopp til innhold

Dette papiret viser at dei gjekk glipp av 1,3 millionar

Nordsjødykkarar fekk aldri erstatning. Her får dei sjå beviset på at det truleg var feil.

Nordsjødykkere fikk aldri forsikringspenger.

KARRIEREN ØYDELAGT: (F.v.) Egil Eid og Per Ludvigsen blei skadde for livet, i eit eksperiment som la grunnlaget for norsk oljeverksemd. Her står dei med dokumentet som syner at dei burde ha fått 1,3 millioner forsikringskroner kvar.

NRK Vestlandsrevyen har tidlegare fortalt historia om to norske marinedykkarar som vart skadde for livet. No viser det seg at dei aldri fekk same erstatning som Nordsjødykkarane.

– Jøss, dette var veldig overraskande og sjokkerande, seier dei til NRK.

Dette fekk vi aldri vite noko om. Det er bittert å vite at vi kunne fått ein erstatning den gongen.

Nordsjødykkarar

Eksperiment

Det heile starta med eit dykkeeksperimentet i Tyskland 1972, der Eid og Ludvigsen skulle testa ut dykking på store djup.

Begge sleit med smerter og plager i mange år. Ludvigsen gjer det framleis. Sjølv trudde dei at forsikringa berre dekka død. Men dokument som NRK har fått tak i viser noko anna.

Per Ludvigsen jobbar framleis med vedlikehald av dykkarutstyr. Egil Eid er pensjonist.

LES OGSÅ: Dykkarar måtte ta til takke med småpengar og gratis lunsj

Erstatning

BEVISET: Her er papiret som syner at dykkarane var forsikra for 200.000 kroner kvar.

Måtte legga karrieren på hylla

Papira viser at dei begge var forsikra for 200.000 kroner mot invaliditet.

Rekna om til dagens kroneverdi svarar beløpet til over 1,3 millionar. Sjølv om begge har vore yrkesaktive etterpå, måtte dei legga dykkekarrieren på hylla etter ulykka.

– Dette fekk vi aldri vite noko om. Det er bittert å vite at vi kunne fått ein erstatning den gongen, seier dei til NRK.

– Tar man med kva vi i tillegg har tapt ved ikkje å kunne dykke i Nordsjøen, vert det «ein del småpengar», skyt dei inn.

LES OGSÅ: – Dykkere ble truet med sparken hvis de snakket

Bjarte

STØTTAR NORDSJØDYKKARENE: Bjarte Askeland, jusekspert.

Foto: NRK

Støtter dykkarane

Professor Bjarte Askeland er ein av Noregs fremste ekspertar på erstatningssaker i arbeidslivet, og meiner det er kritikkverdig at dei to aldri fekk sjå papira sine.

– Dersom det er slik at Arbeidstilsynet og Sjøforsvaret har vore kjent med polisen utan å effektuere den, så er det noko man kan angripe rettsleg, seier han.

Askeland minner om at lovgivinga er lagt opp slik at det er arbeidsgjevar som må bere ansvaret.

Det var Arbeidstilsynet som hadde regien på det som skjedde i Tyskland. I eit brev til sjøforsvaret, ber Arbeidstilsynet om at Eid og Ludvigsen får kopi av forsikringspolisane.

Ingen kommentar

Verken sjøforsvaret eller arbeidstilsynet ønsker å kommentera saka no.

«Arbeidstilsynet har ikkje føresetnad til å kaste lys over og kommentere saka utover de granskingar og erstatningsvurderingar som tidlegare er gjort av andre», seier Toril Berge i Arbeidstilsynet.

Kommandørkaptein Per Rostad seier dette i ein epost til NRK:

«Ettersom det er nedsett ein arbeidsgruppe for å kartleggje forsvarets rolle i nordsjødykkinga ønskjer ikkje Sjøforsvaret å kommentere noko rundt dette før gruppa har ferdigstilt sitt arbeid.»