No er Birgit Skarstein klar for bryllaup: – Dagen skal bli så bra som mogleg

Då ho var lita, drøymde Birgit Skarstein (30) om å gifte seg i mora sin brudekjole. I Symesterskapet-finalen blei det klart om draumen skal bli verkeleg.

Birgit Skarstein kaster buketten i Symesterskapet

GIFTEKLAR: Finalistane fekk i oppdrag å sy brudekjole til toppidrettsutøvar Birgit Skarstein.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Vinnaren av Symesterskapet 2019 blir avslørt i denne artikkelen.

Tre finalistar stod igjen før den avgjerande syoppgåva i den fjerde sesongen av Symesterskapet. Maria Hayek (36), Rebekka Slettebø (24) og Kristin Vaag (29).

Inn dørene til lokala i Bergen kom verdsmeister Birgit Skarstein (30). Parautøvaren har til saman ni VM-medaljar i roing og langrenn.

Skarstein går med gifteplanar, og hadde med seg tre brudekjolar til finalistane.

Den fyrste ein selskapskjole frå 60-talet arva av farmora. Den andre mormora sin sjølvsydde brudekjole frå 1952. Den siste hadde mora til Skarstein på seg då ho gifta seg på 80-talet.

Den drøymde Birgit Skarstein om å gifte seg i då ho var lita.

– Men etter kvart som eg er blei litt eldre, synest eg kanskje den er litt mykje, lo Skarstein.

Birgit skarstein

PARAUTØVAR: Skarstein blei lam etter ein operasjon då ho var 20 år. Ho konkurrerer i verdstoppen i både langrenn og roing.

Foto: Norges Skiforbund

Rom for sterke armar

Med ein solid dose prestasjonsangst gjekk dei tre finalistane til oppgåva.

Dommarane la vekt på at deltakarane måtte følgje kunden sine ønske. Kjolen skule vere elegant, praktisk og funksjonell for rullestol. Den skulle vere godt sydd, og sitte pent på bruda. Og ikkje minst; den opphavlege kjolen måtte spele hovudrolla.

Deltakarane fekk to dagar til å planlegge, og fekk gode råd frå Skarstein med på vegen.

– Eg bruker armane mykje, og synest det er viktig å ha ein kjole der eg er fri til å bevege meg, fortalde ho dei.

I tillegg måtte kjolen ikkje vere for lang eller ha for mykje stoff nedst, for då kunne den sette seg fast i rullestolhjula.

Birgit Skarsteins mor i brudekjolen

80-TAL: Birgit Skarstein si mor i ein av brudekjolane finalistane fekk i oppgåve å sy om.

Foto: Privat

«Blautkake» gjort moderne

Denne gongen var dommarane på lag med kunden. Syaren bak kjolen Skarstein valde, ville bli vinnaren av Symesterskapet 2019.

Valet fall på 80-tals kjolen til mora som Rebekka Slettebø (24) frå Jæren hadde sydd om.

Ho hadde berre brukt materiale frå den opphavlege kjolen.

– Oppdraget var jo å dempe mutterens åttitals-blautkake, sa dommar Jenny Skavlan.

Det meinte Birgit Skarstein at ho hadde klart med glans.

– Den er ganske kul, synest eg! Ho har fjerna mykje av «dilldallet». Den sit innmari godt på og gir meg godt rom til å gjere det eg treng. Den vil vere ein veldig fin kjole å vere i ein heil dag.

– Rebekka er ein veldig verdig vinnar. Ho kombinerer det saumtekniske med design, og det er difor ho vann, sa Skavlans erfarne meddommar Andreas Feet.

Kristin Vaag (29), Rebekka Slettebø (24) og Maria Hayek (36)

VINNAR: Rebekka Slettebø blei den yngste vinnaren av Symesterskapet så langt. – Eg er superstolt, og kjempeglad. Dette gir meg eit kjempedytt til å halde på med deg eg elskar.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Tre brudekjolar

Vinnaren av Symesterskapet 2019 har meir enn kjolesmaken til felles med kunden Birgitte Skarstein. Begge møtte nemleg mannen på bustadjakt.

Skarstein har tidlegare fortald at ho møtte sambuaren då ho skulle leige ut eit rom. Som toppidrettsutøvar har ho mange reisedøgn, og var sjeldan i leilegheita sjølv. Ho fann Martin Sletten (30) på hybel.no, og det som berre skulle vere eit leigeforhold blei til frieri.

Rebekka Slettebø møtte ektemannen då dei begge la inn bod på same leilegheit. Ho tapte bodrunden, og mannen som fekk leilegheita ville gjere det godt igjen ved å invitere ho ut på middag.

No fekk dei også ein annan ting til felles. Slettebø sydde sjølv tre ulike kjolar då ho skulle gifte seg. Då ho ikkje klarte å velje, enda ho opp med å bruke alle tre. Finaleoppgåva passa ho difor perfekt.

– Dette var ei draumeoppgåve, og ei draumeavslutning, jubla ho.

Etter finalen i Symesterskapet kan Skarstein også vise seg fram i fleire brudekjolar, om ho skulle få lyst.

Birgit Skarstein i Symesterskapet

RAMPETE: Dommar Jenny Skavlan meite kjolen var romantisk utan å vere sukkersøt. – Og litt rampete, slik som Birgit.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Berre eit hinder igjen

Med ein brudekjole – eller tre – i boks, manglar Skarstein berre ein ting før ho og sambuaren kan gifte seg. Ein dato.

– Eg vil at det skal bli ein så bra dag som mogleg, med masse vener og familie, seier Skarstein, men tid til å planlegge bryllaupet har ho ikkje funne enno.

Men no heng i alle fall kjolen til den store dagen klar.

– No har eg både kjole og mann, og fine selskapskjolar. Kanskje ender eg med å bruke alle tre?

Finalen i Symesterskapet 2019 blei sendt på NRK1 torsdag 10. oktober klokka 19.45. Sjå den her:

Den som syr det kunden vil ha, vinn Symesterskapet! (16:16)

Den som syr det kunden vil ha, vinn Symesterskapet! (16:16)