Hopp til innhold

NAF: – Tunnelane er forsømt i årevis

Det er paradoksalt at det må eit EU-direktiv til for at tunnelane skal bli trygge, meiner interesseorgansiasjonen til bilistane. Trafikken på Vestlandet blir råka når over 60 tunnelar blir oppgradert.

Fløyfjellstunnelen er nattestengt

NATTESTENGT: Både E16 og E39 gjennom Hordaland blir råka av nattestengde tunnelar dei neste åtte åra. Også Fløyfjellstunnelen i Bergen skal gjennom store oppgraderingar.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK

I dag kunne NRK fortelja at fram mot 2025 blir fleire titals tunnelar på Vestlandet nattestengd grunna oppgraderingsarbeid.

– Dette er diverre prisen for mange tiår med dårleg eller ingen tunnelvedlikehald, seier dagleg leiar Liv Røssland i NAF avd. Bergen og Omegn.

29 av tunnelane ligg på viktige ferdselsårer som E39 og E16 gjennom Hordaland. I tillegg må 12 tunnelar på europavegane i Sogn og Fjordane stengast for oppgradering. I Rogaland er det snakk om ein tunnel.

Krava tilseier at alle desse tunnelane må vera fullførte innan 2023.

– At vi no omsider skal få tryggare og sikrare tunnelar er gode nyhende, men det gir naturleg nok store utfordringar for trafikantane. Hordaland er eit fylke med svært mange tunnelar og ein må krevja at Statens vegvesen finn gode og smidige løysingar, seier Røssland.

Liv Røssland

MÅ FINNE GODE LØYSINGAR: Dagleg leiar Liv Røssland i NAF avd. Bergen og Omegn er glad for at tunnelane no skal bli betre, men trur nattestenginga blir ekstremt krevjande.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Må lida på grunn av manglande vedlikehald

Mange tunnelar på Vestlandet held ikkje lenger mål. Dei er mørke, lange og smale, og difor blir fleire titals tunnelar på Vestlandet nattestengde dei neste åra. Dei må oppgraderast for å møta EU sine tunnelkrav.

Regionsjef i Norges lastebileigar-forbund, Jan-Ove Halsøy meiner dei som har arbeid på vegen no må lida på grunn av manglande vedlikehald gjennom mange år.

– Hadde dei tatt dette litt etter litt, så kunne konsekvensane vore mykje mindre. No må dei totalrenovera tunnelane fordi dei ikkje har gjort noko med infrastrukturen på eit tidlegare tidspunkt, seier Halsøy.

– Kan dykk ikkje i denne perioden køyra på dagtid heller?

– Nei. Vi har linjetrafikken som går om natta og som må gå då. Kundane sender varene om ettermiddagen og skal ha dei levert til neste destinasjon om morgonen, seier Halsøy.

Grethe Vikane

TAR OMSYN: Avdelingsdirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen meiner dei må ta omsyn til korleis trafikantane har sin kvardag og difor blir arbeidet gjort på nattetid.

Foto: Christian Lura / NRK

Forstår utfordringane

Avdelingsdirektør Grethe Vikane i Statens vegvesen forstår at dei som har arbeidsplassen på vegen vil få utfordringar.

– Med så mange tunnelar, så forstår eg at dei synest vi burde gjort noko annleis, men sånn er situasjonen og vi må gjera det vi kan no. Men vi opplever at vi må ta omsyn til korleis trafikantane har sin kvardag og difor blir dette gjort på nattetid, seier Vikane.

I tillegg legg ho til at Statens vegvesen er styrt etter pengane dei disponerer frå staten.

– Vi gjer så godt vi kan etter dei føresetnadane vi har og vi er allereie i gong med opprusting av fleire tunnelar. Vi går allereie no ut med informasjon om nattarbeidet som vil koma i åra framover for å informera trafikantane i god tid, seier Vikane.

150 tunnelar skal bli oppgraderte

SKAL OPPGRADERAST: Kart over tunnelar som skal oppgraderast på E39 og E16 i Region vest.

Foto: Statens vegvesen