Hopp til innhold

Nattestenger tunnelar på europavegane i fleire år

Berre i Hordaland vil 63 tunnelar på dei viktigaste ferdselsårene bli nattestengd i åra som kjem. Det vil gi store utfordringar, medgir Vegvesenet.

Oppgraderingsarbeid i E39 Masfjordtunnelen

NATTESTENGT: Både E16 og E39 gjennom Hordaland blir råka av nattestengde tunnelar dei neste åtte åra. Her er det Masfjordtunnelen på E39 som får ny betong.

Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

Vestlendingar som har tenkt seg ut på vegane på sein kveld, natt, eller tidleg morgon må tenka seg om dei kommande åra.

Fram mot 2025 blir fleire titals tunnelar på Vestlandet nattestengd grunna oppgraderingsarbeid.

29 av tunnelane ligg på viktige ferdselsårer som E39 og E16 gjennom Hordaland. I tillegg må 12 tunnelar på europavegane i Sogn og Fjordane stengast for oppgradering. I Rogaland er det snakk om ein tunnel.

Krava tilseier at alle desse tunnelane må vera fullførte innan 2023.

I Hordaland kjem i tillegg 34 tunnelar på fylkesvegane.

– Dette vil gje store utfordringar for bilistane. Det er mykje utfart på nattetid og det går spesielt mykje tungtrafikk på E16. I tillegg kan det vera ei utfordring for naudetatane som skal fram, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

150 tunnelar skal bli oppgraderte

SKAL OPPGRADERAST: Kart over tunnelar som skal oppgraderast på E39 og E16 i Region vest.

Foto: Statens vegvesen

Må betala prisen for tryggleiken

Grunnen til nattestengingane er at tunnelane må oppgraderast for å møta EU sine tunnelkrav.

Lys, ventilasjon og elektriske anlegg skal bytast ut, det må etablerast fleire havarilommer og branntryggleiken skal oppjusterast.

– Publikum vil merka dette og det er ingen veg utanom. Vi er ekstra sårbare. Mange stader er det ikkje omkøyringsmoglegheiter, seier Eidsnes.

Berre for dei tunnelane som er på riksvegar og europavegar i Hordaland, vil arbeidet kosta vel tre milliardar kroner innan 2023. I Sogn og Fjordane kjem vegvesenet til å måtta svi av 1,2 milliardar.

Regionvegsjefen seier ein no må betala for å ha spart pengar på 80-talet.

– Vi bygde mange lange og rimelege tunnelar på den tida, og levetida går ut på dato. Det fekk vi smerteleg erfara i Lyderhorntunnelen i Bergen, der ei vifte fall ned. Det er mykje å betala, men dei nye krava er viktige og vi ønskjer også å betra tryggleiken, seier Eidsnes.

Helge Eidsnes

VIL GJE UTFORDRINGAR: Regionvegsjef Helge Eidsnes seier at oppgraderinga av 65 tunnelar i Hordaland vil gje utfordringar for bilistane.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Viktige nye krav

Det er tunnelane på E39 og E16 som står først i køen blant vegane på riks- og europavegnettet.

I den bratte Masfjordtunnelen på E39 og i Gudvangatunnelen på E16 er dei alt i gang. Også Arnanipatunnelen og Beitlatunnelen i Hordaland skal gjennom oppgraderingar, samt Lærdalstunnelen og Flenjatunnelen i Sogn og Fjordane.

Men den største utfordringa for flest menneske vert når Fløyfjellstunnelen må stengast i 2022. Då må trafikantane i Bergen belaga seg på fleire år med nattestenging.

– Det er så omfattande arbeid at det vil gå føre seg gjennom fleire år. Det er få omkøyringsmoglegheiter, så trafikken må gå gjennom sentrum og over Bryggen, seier regionvegsjefen.

Også fylkeskommunen må ta eit realt skippertak for at tunnelane skal vera i tråd med reglane. Fylkesdirektør Haakon Rasmussen har to år lenger på seg på å få oppgradert dei 34 aktuelle tunnelane på fylkesvegnettet.

Fløyfjellstunnelen er nattestengt

UTFORDRANDE: Også Fløyfjellstunnelen i Bergen skal gjennom store oppgraderingar.

Foto: Eivind A. Pettersen / NRK