Hopp til innhold

Sjå 166 dansarar i rosa mot brystkreft

I dag vart årets Rosa sløyfe-aksjon sparka i gong med ein flash mob midt på Torgalmenningen. 166 spreke dansarane frå Langhaugen vidaregåande skule, rista seg laus med rosa vestar og rosa hanskar for å markera aksjonen.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå flash moben midt på Torgallmenningen i dag.

– Dei har vore utruleg velvillige og det har vore vanvettig gøy å jobba med dei, seier rådgjevar i Kreftforeininga Morten Heszlein-Lossius, etter at 166 dansarar frå Langhaugen vidaregåande skule markerte aksjonen i dag.

Ein person byrja å dansa midt på Torgalmenningen i regnværet og fleire kom inn undervegs. Til slutt stod 166 personar å dansa med rosa vestar og rosa hanskar. Så vart dansen avslutta med eit rosa ballongslepp.

– Det var spesielt og fantastisk å sjå resultatet av flash-moben i dag, seier Heszlein-Lossius.

Alvorleg tema

Årets Rosa sløyfe-aksjon har eit meir alvorleg tema enn på lenge. Med den gode overlevingsstatistikken som det vert vist til dei seinare åra er det lett å gløyme dei som hamnar på feil side av statistikken og ikkje kan bli kurert.

LES OGSÅ: – Eg er veldig glad i parykken min, og vil nesten ikkje ha mitt eige hår att

– Det er viktig å opna Rosa sløyfe-aksjonen kraftigare i år sidan vi har det temaet vi har, seier Heszlein-Lossius.

Rosa sløyfe-aksjonen ønskjer meir openheit og kunnskap om korleis det er å leva med ulækjeleg brystkreft. Dei aller fleste som får brystkreft overlever. Likevel opplever éin av fire at kreften spreier seg og ikkje kan kurerast.

Geir Vangsnes

STOLT: – Dei har vore utruleg velvillige og det har vore vanvettig gøy å jobba med dei, seier rådgjevar i Kreftforeininga Morten Heszlein-Lossius, etter at 166 dansarar frå Langhaugen vidaregåande skule markerte aksjonen i dag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK