Tal frå Statens Landbruksforvaltning syner at 4,8 prosent av mjølkebøndene i Hordaland ynskjer å gje opp drifta.
Sluttar med ku
Roy og Mette Tangedal på Radøy driv ein av gardane som no kvittar seg med kyrne sine.
- Ein blir lei av det, og det er frustrerande, seier Mette Tangedal.
Ho elskar livet på garden. Likevel vil det frå nyttår ikkje vera fleire dyr att på garden hennar på radøy.
Treng modernisering
- Årsaka er fyrst og fremst mangel på fritid. Me har ein driftsbygning som treng ein god del modernisering. Det blir store investeringar, og lite pengar inn, fortel ho.
Og Tangedal er ikkje åleine. 52 av dei 1082 bøndene som driv produksjon av mjølk i Hordaland har søkt om å få selja kvota si.
- Alvorleg
Det likar nestleiar i Bonde- og Småbrukarlaget i Hordaland, Jarle Helland, dårleg.
- Det er alvorleg for fagmiljøet i næringa, og det får alvorlege konsekvensar for landskapet vårt. Når fleire og fleire mjølkebønder gir seg, blir det meir og meir areal som ligg unytta. Dei siste åra har me sett ein klar tendens til at det går i denne retninga, seier Helland.
Tilsaman er det over 800 mjølkebønder her i landet som ønskjer å gje seg. Dermed ligg det an til å bli seld over dobbelt så mange kvotar i år som i fjor.
Tomt utan dyr
Og til neste år blir det skulegong og ikkje gardsdrift for Mette Tangedal.
- Eg er fødd og oppvaksen på garden her, og det har alltid vore dyr rundt meg. Det blir tomt når dei forsvinn, fortel ho.