Hopp til innhold

Statoil fryktar konsekvensane av strengare giftkontroll på Mongstad

I fleire år har Statoil fått sleppa ut tungmetall og andre miljøgifter på Mongstad. No skal Miljødirektoratet vurdera å setje grenser.

Statoil Mongstad august 2017

KAN FÅ UTSLEPPSGRENSER: Statoil Mongstad kan bli pålagt strengare krav til utslepp, men selskapet sjølv fryktar det kan gå utover konkurransedyktigheiten deira.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Statoil har fått beskjed om å sjå på sine utslepp på Mongstad, stoff for stoff. Vi intensiverer vår oppfølging av dette, fortel seksjonsleiar Harald Sørby i Miljødirektoratet.

Styresmaktene skjerpar no kontrollen med utslepp av tungmetall og andre miljøgifter frå det store oljeraffineriet i Nordhordland.

I årevis har Statoil her sleppt ut over 30 ulike miljøgifter i lufta og sjøen, utan å vera pålagt utsleppsgrenser. Mellom anna er det dei siste ti åra sleppt ut tolv kg arsen, 20 kg bly og tre kg kvikksølv årleg.

Harald Sørby

SKJERPAR KONTROLLEN: Seksjonsleiar Harald Sørby i Miljødirektoratet.

Foto: Allan Klo/NRK

Vurderer strengare krav

No vil Miljødirektoratet finna ut om dette er utslepp som er forsvarlege for miljøet.

– Det er veldig forskjellig frå stoff til stoff kva skade dei kan gjera. Eit metall vil vera i miljøet til evig tid og blir ikkje brote ned. Kvikksølv i luft kan driva nordover og blir funne igjen i arktiske strøk, forklarar Sørby.

Årsaka til offensiven frå direktoratet, er at dei sjølv meiner dei fram til no ikkje har handheva utsleppa strengt nok. Resultatet kan bli at Statoil Mongstad får grenser for nokre av dei miljøgiftene som dei hittil ikkje har hatt utsleppsgrenser for.

Statoil kritiske

Statoil på si side fryktar konsekvensane av å bli pålagt strengare utsleppskrav. Dei er uroa for at det vil føre til urimelege kostnadar og bli ein ulempe for dei i den tøffe konkurransen mot raffineri internasjonalt..

Derfor ønskjer vi ikkje særnorske krav, men at utsleppskrava harmoniserer med dei som finst i EU, seier pressekontakt Elin Isaksen i Statoil.

Ho fortel at Statoil rapporterer inn målingar av alle miljøgiftene på lista, sjølv om raffineriet ikkje er pålagt utsleppsgrense av det. Deira eigne fagfolk meiner giftutsleppa ikkje har hatt miljøkonsekvensar.

– Vi gjer jamlege målingar på fleire utsleppspunkt på Mongstad. Det er prøvar vi gjer gjennom heile året og snittet av dette blir meld inn til Miljødirektoratet.

Elin Isaksen

FRYKTAR FOR STORE KONSEKVENSAR: Elin Isaksen, pressekontakt i Statoil.

Foto: NRK

Relevant

At strengare krav kan føra til ein svekka konkurransesituasjon for Statoil, må Miljødirektoratet ta omsyn til.

– Viss vi berre skulle sett på forureining, så hadde vi stengt ganske mykje industri her i landet. For å sette det litt på spissen, så finst der to ytterpunkt her. Det eine er at vi set så strenge krav at Mongstad må legge ned, det andre er at vi ikkje set nokre grenser og let dei sleppe ut alt. Verden finst ein stad i mellom, seier Harald Sørby i Miljødirektoratet.

Pressekontakten i Statoil seier dei har ein god dialog med Miljødirektoratet.

– Vi har tru på at vi i løpet av denne prosessen vil kome fram til eit godt regelverk som både tek vare på omsynet til miljø og industrien sitt behov for konkurransedyktige rammevilkår, avsluttar Elin Isaksen.