NRK Meny
Normal

Mikael drakk kvar dag gjennom heile 20-åra

Mikael frå Bergen kunne ikkje gå på kino utan å ha med seg øl. Etter kvart innsåg han at han hadde eit problem og kontakta Anonyme Alkoholikarar – det vart redninga.

Ølservering

TRENGDE HJELP: Mikael drakk kvar dag gjennom heile 20-åra, men inngsåg at han trengde hjelp.

Foto: ILLUSTRASJON

– Eg forstod vel allereie då eg var 19 år at eg hadde eit usunt forhold til alkohol, seier Mikael frå Bergen.

Han drakk kvar dag gjennom heile 20-åra. Til og med på kino hadde han med seg øl.

– Eg kunne ikkje gå å bowle med nokon utan å drikke. Om eg gjekk på kino hadde eg med meg åtte halvliterar som eg drakk på 40 minutt. Då var filmen uinteressant, seier Mikael.

Mot slutten av 20-åra innsåg Mikal at han trengde hjelp. Anonyme Alkoholikarar (AA) vart redninga.

Fleire unge tek kontakt

Fleire unge med alkoholproblem tar kontakt med Anonyme Alkoholikarar, og det er spesielt eit aukande tal blant unge i 20-åra.

– Nær 15 prosent at dei som går til AA er under 30 år. Interessa er aukande, seier «Arne» som har lang fartstid i AA.

Han har god oversikt over medlemsmassen rundt om i hele landet. Og trenden er tydeleg.

– Eg merker det på at dei kjem, og på måten dei deltar på. Dei kjem fordi dei søker eit nytt livsgrunnlag.

Uroa over trenden

– Norsk ungdom drikk generelt mindre enn før. Men dei som drikk, drikk meir, seier forskar og lege ved legevakta i Oslo, Odd Martin Vallersnes.

Vallersnes er uroa over den nye trenden.

– Vi ser fleire med akutt alkoholforgifting og mange drikk risikabelt ofte, seier Vallersnes.

– No orkar eg ikkje meir

For Mikael kom vendepunktet etter over ti år med ekstrem alkoholbruk.

– Eg tenkte berre at no orkar eg ikkje meir og at no måtte eg gi meg. Eg fann nummeret til AA og ringde, seier Mikael.

– Eg har det bra i dag. Eg har nesten ikkje angst, og eg ei bra helse og fysikk. Det kan eg takka AA for i dag, legg Mikael til.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik