Hopp til innhold

Meiner nytt taxisystem kan føre til forskjellsbehandling og misbruk

Senterpartiet meiner det er problematisk at eit parkeringsselskap skal handheva Avinor si ny taxiløysing på flyplassar i Norge. Dei vil ha samferdsleministeren på bana i saka.

Taxier på Flesland

REAKSJONAR: Det nye taxisystemet Avinor skal innføre på Sola og på Flesland skapar reaksjonar.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Avinor i ferd med å innføre eit splitter nytt taxisystem på flyplassane i Bergen og Stavanger. Det legg opp til at taxisjåførar må betala ein takst på ti kroner, kvar gong, for å få komma inn på Sola og Flesland og plukke opp passasjerar.

Medlemmane i Norges Taxiforbund er blitt oppfordra til å ikkje skrive under på avtalen.

– Misbruk og forskjellsbehandling

Også i Senterpartiet har systemet skapt reaksjonar. Ikkje berre på grunn av taksten, men også at Avinor har sett parkeringsselskapet EuroPark til å handheva systemet og reglane.

Avinor har laga ei liste med sanksjonar som sjåførane kan bli utsett for, om dei ikkje oppfører seg inne ved terminalen. Dei risikerer alt frå ei vekes til eitt års utestenging.

Samferdselspolitisk talskvinne i Sp, Janne Sjelmo Nordås, har no sendt brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

– Ein kan innvenda mot Avinors system at det kan innebera forskjellsbehandling og misbruk av dominerande stilling som flyplasseigar, skriv Sjelmo Nordås, som også sit i transportkomiteen på Stortinget.

Janne Sjelmo Nordås, Senterpartiet

KREV SVAR: Samferdselspolitisk talskvinne i Sp, Janne Sjelmo Nordås, vil gjerne høyre kva samferdselsministeren har å seie om det nye taxisystemet på Sola og Flesland.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

Vil høyra kva statsråden har å sei

Til NRK utdjupar ho at ho tykkjer løysinga med at EuroPark skal opptre som "taxivertar" høyrest problematisk ut.

– Ein set oppdraget med organiseringa av taxiar ut til ein aktør som har ansvar for parkering. Eg ønskjer å sikra meg at dette er ei oppgåve som fører til eit meir smidig system.

Avinor har tidlegare sagt til NRK at dei ikkje ser noko problematisk med at det er EuroPark som skal handheva reglane.

Det nye systemet fungerer slik at taxiane ventar ved eitt depot kring ein kilometer vekke, til dei får beskjed frå vertane frå EuroPark at det er behov for dei ved terminalbygget. Sjelmo Nordås tykkjer systemet høyrest tungvint ut, og fryktar at folk heller vel å køyra sjølv enn å nytta kollektivtilbod til flyplassane.

– Eg syns det er nødvendig å høyre kva statsråden tenkjer om det.

– Eit flott initiativ

Torill Eidsheim sit i transportkomiteen på Stortinget for Høgre. Ho presiserer at ho ikkje kjenner detaljane i avtalen som Avinor vil at taxisjåførane skal skriva under på.

– I utgangspunktet tykkjer eg det er eit flott initiativ at ein ønskjer å laga eit betre system for passasjerane. Men det må vera eit krav at alle partar snakkar saman før rammene blir lagt og før avtalane blir skrivne, seier Eidsheim.

Ho forstår at det kan høyrast uheldig ut at EuroPark skal styra systemet.

– Men dersom avtalen set krav til at både taxidepotet og sjølve oppstillingsplassen skal fungere godt, så er det ikkje sikkert dette er problematisk. Då vil inntektene koma inn først når EuroPark optimaliserer for både taxi og parkering.

Torill Eidsheim

Torill Eidsheim sit i transportkomiteen på Stortinget for Høgre.

Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no / Høyre