Hopp til innhold

Taxisjåførar blir stengt ute frå flyplass viss dei kranglar

Avinor og EuroPark vil sanksjonere mot taxisjåførar som ikkje oppfører seg på flyplassen. Sjåførane risikerer utestenging frå ei veke til eitt år.

Taxiar på Flesland

Avinor og EuroPark har utarbeida ei oversikt for ulike sanksjonar dei vil gjennomføra, om drosjesjåførane ikkje gjer som dei skal i det nye systemet.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK

Avinor og EuroPark har samarbeida fram eit nytt taxisystem ved flyplassane på Sola i Stavanger og Flesland i Bergen.

Drosjenæringa er lite nøgd. Som NRK skreiv måndag, rår Norges Taxiforbund sine medlemmar om å ikkje skrive under på avtalen.

Nytt system og reglar

Mellom anna reagerer dei på Avinor sin takst på ti kroner for å få lov til å koma inn på henteområdet. Denne taksten kan også stiga i åra som kjem.

Det nye systemet fungerer slik at taxiane ventar ved eitt depot kring ein kilometer vekke, til dei får beskjed frå vertane frå EuroPark at det er behov for dei ved terminalbygget.

Taxi på flyplassen på Sola

Både her på Sola i Stavanger og på Flesland i Bergen vil det før nyttår vera klart for flunkande nytt taxisystem. Ikkje alle er nøgd.

Foto: Erik Waage / NRK

Sanksjonar

Avinor har utarbeida ei oversikt for ulike sanksjonar dei vil gjennomføra, om drosjesjåførane ikkje gjer som dei skal i det nye systemet. Det er innleigde "taxivertane" frå EuroPark som skal handheva reglane.

NRK har fått tilgang til oversikta. Dette risikerer taxisjåførane om dei ikkje dei oppfører seg:

– Sjølvsagde ting

Norges Taxiforbund meiner Avinor ikkje har rett til å nekte sjåførar som ikkje signerer avtalen tilgang til flyplassane. Kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Fuglesang Framholt i Avinor på Flesland er usamd.

Forstår du at taxisjåførane er negative til å bli vist vekk av vakter frå parkeringsselskapet?

– Reglane og sanksjonane er eigentleg sjølvsagde ting. Eg veit eigentleg ikkje kva som er problemet. Området rett framfor flyplassen er privat og det er vår oppgåva å styre det. Vi har sett EuroPark til å gjera det, svarar Framholt.

Cathrine Fuglehaug Framholt

Kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Fuglesang Framholt i Avinor.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Meiner det kjem passasjerane til gode

Dagleg leiar Robert Aasmul i Taxi 1 reagerer på at det er EuroPark, som tenar pengar på privatparkering, som skal styre området med taxivertar og har moglegheit til å nytte sanksjonar mot taxisjåførar som trør feil.

– Nei, det synest ikkje eg er problematisk. Vi forstår engasjementet, og at sjåførane er opptekne av forholda i næringa si.

– Derfor håpar vi på ein fin og konstruktiv dialog, svarar Framholt.

Ho delar heller ikkje uroa om at passasjerar må venta lenger fordi taxiane står lenger vekke.

– Vi har full kontroll på kor mange taxiar vi køyrer bort til området ved flyplassen. Vi kan også auke frekvensen i dei periodane vi veit det trengst. Passasjerane vil få ein veldig god service, avsluttar Framholt.