Denne veka vert Fornybarkonferansen arrangert i Bergen. Fleire av ekspertane på deltakarlista meiner Noreg står og ser på, medan det skjer ein energirevolusjon ute i verda.
Medan Storbritannia og Tyskland byggjer seg opp på havvind i Nordsjøen, har det skjedd fint lite i Noreg.
– Noreg risikerer å verta rundspelt som energinasjon, seier Vibecke Hverven i det leiande rådgjevingsselskapet DNV KEMA, som er verdsleiande innan ekspertise på vindkraft.
Færre olje- og kolkraftverk
Hverven, som er regionleiar i konsulentselskapet i Skandinavia, er ikkje i tvil om at det er ein revolusjon som skjer på energifronten. Ein revolusjon Noreg til no ikkje er ein del av.
– Det er slik med ein revolusjon at den kan gå mykje raskare enn ein hadde trudd, seier Hverven.
Ferske tal viser at solenergi og vindkraft stod for nesten all ny investering i nye energianlegg i EU i 2012. Det vart færre nye kraftverk som brenn olje og kol.
Prognosane for utbygging fram mot 2035 viser at havvindkraft og solenergi vil ta av i stormakter som Kina og USA:
– Kan gå for fort for Noreg
Hverven meiner konsekvensane kan verta store for land som baserer seg på fossile energikjelder som olje, gass og kol.
– Det kan gå for fort for oss ut i verda. Det er forventa at prisane frå kraft frå havvindmøller kan komma ned mot prisen på kolkraft innan 2025. Då vil den fornybare energien ta over for forureinande energikjelder som kol og gass, seier Hverven, som er regionleiar for DNV KEMA i Skandinavia.
Meiner Noreg ikkje følgjer med
Vegard Laukhammer ved Christian Michelsen Research (CMR) i Bergen fryktar at Noreg kan stå igjen på perrongen når fornybartoget går ute i verda.
– Det er ein stor fare for det, seier Laukhammar, som meiner talet på utlyste stillingar innan høvesvis fornybarbransjen og oljebransjen er eit tydeleg signal på at det ikkje vert satsa på til dømes havvindkraft i Noreg.
– Når eg var inne og såg nyleg, såg eg at det var 11 stillingar i Noreg der fornybar var eit stikkord. Det var 1176 som handla om olje. Det betyr at store delar av ingeniørane som kunne ha utvikla fornybar energi jobbar med olje og gass.
Vindselskap gav opp
For nokre år tilbake satsa fleire norske selskap friskt på havvindkraft. Men mangelen på satsing på heimebane har gjort at mange har gått tilbake til bransjen dei sprang ut ifrå – oljebransjen.
– Ein har undervurdert kva det har betydd å bygga opp ein heimemarknad. Det har vorte opp til selskapa sjølv å finna ein marknad utanfor Noreg.
Har den norske Regjeringa undervurdert utviklinga innan vindkraft til havs?
– Ein har undervurdert dette feltet, ein har ikkje forstått kor viktig det hadde vore å bygga opp ein heimemarknad, seier Laukhammer.
Steinalderen
Næringsminister Trond Giske går ikkje med på at Regjeringa søv i timen. Men Ap-politikaren er klar på at endringa kjem til å skje, og at fornybar energi på sikt vil gjera olje og gass mindre ettertrakta.
– Det er jo sagt at steinalderen ikkje tok slutt fordi ein gjekk tom for stein, men fordi ein utvikla ny teknologi. Slik vil det òg vera med oljealderen. Den vil ta slutt når fornybar energi har vorte billegare, seier Giske.
Men er Noreg rusta for ei framtid der olje og gass er mindre verd?
– Eg meiner me er rusta for det. Men me må ha bevisste strategiar for å utvikla andre næringsgreiner enn olje og gass, seier statsråden.
Kartet over havområda sør for Noreg viser store utbyggingar på mellom anna tysk og britisk side av grensene, men berre blått hav på norsk side. Giske meiner likevel ikkje at Noreg ikkje følgjer med på utviklinga, og viser til at Statoil og Statkraft er inne som investorar i prosjekt på britisk side.
– Me er på bana når det gjeld havvindkraft. Som investor og teknologileverandør, men den storstilte utbygginga skjer andre plassar.
Vasskraft og djupt vatn
Næringsministeren peikar på to grunnar til at Noreg ikkje har vore aktive innan utbygging av havvindmøller. For det første at Noreg er sjølvforsynt med vasskraft til eige straumnett, for det andre at kysten utanfor Noreg er djupare enn kysten utanfor til dømes Storbritannia.
Giske meiner derfor at Noreg først bør satsa når teknologien for flytande havvindmøller er god nok.
– Ein skal aldri seia at ein er fornøgd, men hovudutfordringa her er å få ned kostnadene slik at havvind vert meir lønsamt, seier Giske om kritikken frå ekspertane.
Fryktar kjempesmell
Frederic Hauge i Bellona, som òg deltek på konferansen i Bergen, meiner Noreg kan vera ille ute, om ein ikkje aukar satsinga på havvind og solenergi.
– Det kan verta ein kjempesmell. Eg meiner Finansdepartementet allereie bør skriva ned dei framtidige verdiane av norsk gass. Sol og vind er i ferd med å skapa ein revolusjon. Dette ser ut til å gå Noreg hus forbi, seier Hauge.
Hauge meiner det er lite som tyder på at Noreg er interesserte i å vera med på satsinga som no skjer mellom anna i USA og EU.
– Det er synd at me ikkje greier å laga ein heimemarknad. Men per i dag har me ikkje vilje til å laga ein heimemarknad for å testa ut teknologi som kan verta gull verd på relativt kort sikt, seier Hauge.
– Har alle føresetnader
Vibecke Hverven og Vegard Laukhammer ser ingen grunn til at Noreg ikkje burde henga seg på, og satsa stort på forsking og utvikling av vindkraft til havs.
– Regjeringa burde hatt mykje større fokus på andre fornybare energikjelder. Det at me har pengar frå olje og gass gjer oss enno betre føresetnader for å satsa på det me skal leva av etter olja og gassen, seier Hverven.
– Me har alle mogelegheiter for å ta aktive grep. Olje og gass tar slutt, då må ein satsa sjølv om alt ikkje er heilt rekningssvarande med ein gong, seier Laukhammer.