Hopp til innhold

Meiner mistanke mot menn går utover arbeidet i barnehagen

Menn i barnehagar tek forholdsreglar for å ikkje bli mistenkt for overgrep. – Heilt øydeleggande for arbeidskvardagen om dei er redde for ting som å ha barn på fanget.

Barnehagepedagog mistenkeleggjering Bergen

RYKTEFLAUM: "Henrik" (32) opplevde ubehagelege rykte då ein kollega av han vart tatt for overgrep. I dag føler han seg ikkje lenger mistenkeleggjort.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I helga fortalde NRK om korleis to mannlege tilsette opplevde mistenkeleggjering og rykteflaum. Bakgrunnen var at ein kollega av dei vart tatt for fleire overgrep mot gutar i barnehagen deira.

Dei fortel at dei tok ei rekke forholdsreglar og endra oppførsel på jobb for å unngå mistanke.

Så langt gjekk det at ein av dei i ein periode syntest det var vanskeleg å ha barn på fanget.

– Å høyre at det går så langt er heilt øydeleggande. Å gi trøyst og omsorg er ein integrert del av det å jobbe i barnehage. Om menn opplever at dei ikkje kan det, er det ei stor innskrenking av yrkesutøvinga, seier seniorrådgjevar Ole Nordfjell i Reform – ressurssenter for menn.

Tek forholdsreglar

Ole B. Nordfjell

UROA FOR MISTANKE: Sosiolog og seniorrådgjevar Ole Nordfjell i Reform – ressurssenter for menn.

Nordfjell har i fleire år jobba med rekruttering av menn til barnehagar og kjenner godt til korleis dei har det på jobb.

Mange menn har fortalt at dei tek forholdsreglar på jobb på grunn av mange overgrepssaker.

Som å halde dørene opne, ikkje vere aleine på tur med barnet eller på stellerommet i forbindelse med bleieskift.

– Nokre har heile tida i bakhovudet at dei ikkje må hamne i ein situasjon der dei kan få ei urettmessig skulding mot seg. Det heng ofte saman med kor nært i geografi og tid det har vore til ei overgrepssak i ein barnehage.

Nordfjell er uroa for at overgrepssakene vil føre til ei generell mistanke mot mannlege tilsette og mannen som omsorgsperson.

– Det er urimeleg at menn skal ta fleire forholdsreglar enn kvinner i barnehagen. Eg trur likevel dei fleste skjønar at menn som kjønn ikkje er ein overgripar, seier Nordfjell.

Dei to mennene som fortalde historia si til NRK i helga, presiserer at dei ikkje lenger føler seg mistenkeleggjort.

Pål Hafstad Thorsen, skolebyråd i Bergen

FLEIRE: Ansvarleg byråd for barnehagar i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap), ynskjer fleire menn i barnehagane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vil ha fleire

Skule-, barnehage- og idrettsbyråd i Bergen, Pål Hafstad Thorsen (Ap), måtte rykke ut i media då rykteflaumen herja som verst under overgrepssaka våren 2016.

– Vi var uroa for at menn ville droppa ut av studia eller ikkje ønska å vera i jobben lengre. Men vi ser ikkje noko teikn på det og eg trur det var fordi vi agerte så raskt med å seie at menn er ønska i barnehagane.

Hausten 2017 inviterte Bergen kommune til samling for mannlege barnehagetilsette. Over 60 medarbeidarar møtte opp for å diskutere utfordringane i kvardagen. Liknande opplegg har også blitt arrangert andre stader i landet.

– Fleire har ein kvardag der dei er einaste mannlege tilsette i ein barnehage. Å utveksle tankar og erfaringar på eit slikt seminar vart opplevd som svært positivt, seier seksjonsleiar for barnehagar i Bergen kommune, Marianne Boge.