Dømt til ti års forvaring for overgrep i barnehagar

Tidlegare barnehageassistent dømt for overgrep mot sju barnehagegutar i Bergen.

Overgrepssiktet og salen i Bergen tingrett

DØMD: Den 33 år gamle mannen vart avslørt då ein fire år gamal gut fortalde foreldra om overgrep i barnehagen. No er dommen frå Bergen tingrett klar.

Foto: NRK / Privat

Aktor Magne Kvamme Sylta ba om ti års forvaring for den overgrepstiltalte 33-åringen då saka vart avslutta i Bergen tingrett for to veker sidan.

Torsdag fall dommen i Bergen tingrett. I dag er han gjort offentleg.

Mannen er dømt til 10 års forvaring, med ei minstetid på seks år og åtte månader.

Det er i tråd med aktor sin påstand.

– Eg er tilfreds med at retten er einig med meg i mitt syn på skuld og straffespørsmål, seier statsadvokat Magne Kvamme Sylta i ein kort kommentar til NRK.

Magne Sylta i Bergen tignrett

AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta er nøgd med at retten er einig i aktors påstand om 10 års forvaring.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Risiko for nye overgrep etter enda soning

Bistandsadvokat Rolf Knudsen, som representerer fem av barna, meiner retten har landa på ein grundig dom.

– Det er avsagt ein grundig, alvorleg og god dom. Me har gjennomgåande fått gjennomslag for det erstatningsnivået me meiner er riktig i denne saka, seier Knudsen.

Han fortel om gode tilbakemeldingar frå foreldra til barna han representerer.

– Dei er nøgd med dommen, og håpar dette vert ein sluttstrek i rettsapparatet, slik at ein kan koma seg vidare med det som har skjedd, seier Knudsen.

33-åringen er i tillegg dømt til å betala erstatning til dei sju offera på til saman 750.000 kroner.

– Me er veldig nøgde med at fleirtalet i retten har trudd på barna, seier bistandsadvokat Espen Børjesson, som representerer to av barna.

I dommen heiter det at «retten konkluderer med at det i dag er en kvalifisert fare for at tiltaltes pedofile legning kan medføre at han faller tilbake til nye overgrep».

Vidare meiner retten at kombinasjonen av pedofil legning, låg sjølvkontroll og at mannen framleis kan søka opp overgrepsmateriale når han blir lauslaten, gjer det nødvendig å dømma han til forvaring.

I retten var forsvarsadvokat Einar Raaen ueinig i aktors påstand om forvaring. Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Raaen.

Rolf Knudsen

BISTANDSADVOKAT: Rolf Knudsen meiner dommen er grundig og god.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Retten: – Har manipulert barna

Mannen var tiltalt for grove overgrep og seksuelle handlingar mot sju gutar i to barnehagar i Bergen. Han vart avslørt i april 2016, då ein fire år gamal gut fortalde om overgrep til foreldra sine.

I avhøyr med politiet nokre dagar seinare, tilstod barnehageassistenten overgrep mot guten og fire andre.

I retten erkjente mannen straffskuld for overgrep mot fem av gutane. Totalt har han forklart seg om til saman 22 overgrep mot fem av barna, men nekta for å ha utført seksuelle handlingar mot dei to siste.

Fleirtalet av dommarane festa lit til desse barna sine forklaringar og dømte mannen for overgrep mot alle sju.

– Det er viktig og riktig av fleirtalet i retten, seier bistandsadvokat Knudsen.

Nokre av barna vart utsette for gjentekne overgrep, og forholda skjedde både i rom med andre barn til stades og på toalett og i bodar.

«I straffeskjerpende retning vil retten også legge vekt på at tiltalte grovt har misbrukt tilliten som ledere, kollegaer og barna hadde til ham […]. Tiltalte har manipulert barna ved å opparbeide et nært forhold til dem, for så å innlede med beskjedne overgrep», heiter det i dommen frå Bergen tingrett.