Mistenkt for det kollegaen gjorde

Då kollegaen vart tatt for grove overgrep mot barnehagebarn, fekk dei mistanken kasta etter seg.

Det store rommet dirrar av kjensler. Temperaturen er høg. Sjokket over det som har blitt avdekka har langt frå lagt seg.

Rundt 250 menneske er til stades i rådhuset i Bergen denne måndagskvelden i april 2016. Fleire av dei tek til tårene. Andre er forbanna.

Frustrerte foreldre reiser seg i tur og orden. Stiller spørsmål om korleis dette kunne skje.

Nokre lurer på kvifor det jobbar menn i barnehagane i det heile tatt. Ein annan vil ha overvakingskamera i barnehagen.

Bak i salen står barnehagepedagog Henrik (32). Han kjenner på eit ekstremt ubehag. Kva betydde alle blikka som vart kasta på han då han kom til møtet?

Berre timar har gått sidan dei fekk vite det. Ein dei jobbar med har innrømma overgrep mot fem barnehagegutar.

Så reiser det seg ein mann. Tar ordet. Han meiner det ikkje kan utelukkast at fleire står bak.

Ein annan i barnehagen som passa på. Heldt dørene, slik at overgrepa kunne skje. Han kunne umogleg ha klart dette utan at andre visste.

Henrik har mest lyst til å søkke ned i golvet. Men han veit allereie at det beste er å gjera det stikk motsette.

Illustrasjon allmøte i Bergen rådhus

TØFT: Informasjonsmøtet for foreldre og tilsette var i starten ubehageleg for Henrik.

Foto: MARCO VAGLIERI / NRK

Guten som fortalde

Tre dagar før møtet vart kollegaen henta på jobb av sivilkledd politi. Svært få i barnehagen fekk med seg kva som skjedde.

Pågripinga av den då 31 år gamle barnehageassistenten skjedde i det stille.

Han vart avslørt av ein fireåring som var modig nok til å seie ifrå. Uroleg og sint, stod han opp frå senga si kvelden før og fortalde foreldra kva 31-åringen hadde gjort mot han i barnehagen.

Morgonen etter kontaktar faren politiet. I det lengste håpa han at det var noko anna som hadde skjedd. Men til politiet innrømma barnehageassistenten overgrep mot sonen hans og fire andre gutar.

Overgrepssaka råka to barnehagar i Bergen og skapte sjokkbølger over heile landet. I haust vart mannen dømd til forvaring i ti år for fleire overgrep mot sju barnehagegutar. Han nektar framleis for overgrep mot to av gutane.

Saka har mange offer.

For mennene som jobba i same barnehage som overgriparen skal det bli ei tøff tid med mistenkeleggjering og enorm ryktespreiing.

Måtte vise seg

Måndagen etter pågripinga møter Henrik uvitande på jobb. Det vanlege morgonmøtet med pedagogane blir det ikkje noko av.

Ein kollega går for å sjekke kva som skjer. Ti minutt seinare kjem ho bleik tilbake på avdelinga. Det har skjedd overgrep i barnehagen. Henrik hugsar godt korleis han reagerte.

– Sjokk. Uverkeleg. Det måtte vera ei misforståing.

Han skjønar at saka vil nå media. I lunsjen trålar han nettavisene. Klokka 13.26 er den første nyheitssaka publisert.

I same barnehage jobbar kollega Andreas (32). Verken han eller Henrik ynskjer at vi brukar deira eigentlege namn.

Også han les om dei alvorlege avsløringane. Men då veit han ikkje at saka faktisk gjeld arbeidsplassen og kollegaen hans.

– Fleire sa det måtte vere han. Dei såg at han ikkje var på jobb. På styraren kunne dei sjå at noko var alvorleg gale.

Eit møte blir halde på ettermiddagen. Dei tilsette får vite kven som er tatt og kva han har sagt at han har gjort.

Umiddelbart går det opp for Henrik og Andreas. No må dei vera synlege. Vise at det ikkje er dei som er tekne av politiet.

Andreas hastar rett frå møtet og ned på avdelinga for å ta imot foreldra som skal hente barna sine.

– Ei mor runda hjørnet og såg inn på avdelinga der eg stod. Eg kunne sjå at ho hadde kvidd seg. Så ser ho meg. Forstår at det ikkje er meg som er arrestert. Då braut ho saman av lette. Det hugsar eg veldig godt.

Saka tar fort fyr i media. Reaksjonane er mange. I kommentarfelta kan Henrik og Andreas lesa mykje av dei same tinga som dei fekk høyre på informasjonsmøtet i rådhuset.

– Nokon skreiv at menn i barnehagar i seg sjølv er mistenkeleg. Det er kommentarar som setter seg, seier Henrik stilt.

Berre ni prosent av rundt 94 000 tilsette i norske barnehagar, er menn. Dei gongene slike saker som i Bergen dukkar opp, blussar debatten om mennene i barnehagen opp igjen.

Mistenkte

Dei første dagane etter overgrepa vart avdekka, tenkjer dei to kollegaene i Bergen at dei ikkje kan vera vekke frå jobb.

Dei kan ikkje vera sjuke. Dei må gå på jobb som vanleg. Elles blir folk mistenksame.

Dei er ikkje aleine om å ta forholdsreglar. Mange mannlege barnehagetilsette passar på at dei ikkje er aleine med barn på stellerommet eller når barnehagen er ute på tur.

Henrik og Andreas får merke mistenkeleggjeringa på kroppen. Allereie same dag som overgrepssaka i Bergen blir kjent i media, byrjar mange å spekulere i kven som er tatt av politiet.

Kva barnehagar som er råka spreier seg som eld i tørt gras.

Namnet på overgriparen blir sagt på informasjonsmøtet i rådhuset. Likevel kjem rykta ubehageleg tett på.

– Eg fekk tekstmeldingar. «Er det Andreas?», fortel Henrik.

Han oppdagar at mange sjekkar ut kven dei er på internett. Når han tastar inn namnet sitt i søkefeltet til Google, kjem heile namnet og barnehagen opp som søkeforslag lenge før han er ferdig.

Henrik kjenner at han blir kvalm. Deira fulle namn, saman med barnehagen, er av dei mest populære søka hjå Google den dagen saka blir kjent.

For Andreas er det enno verre. Avisene skriv at overgriparen er frå Austlandet, var populær og flink med barn. På nettet finst ein informasjonsvideo frå barnehagen, der Andreas er med.

Der snakkar han til barna på austlandsdialekta si. Dei som finn videoen trur dei har klart å finne overgriparen.

Andreas blir ringt opp av ein kjenning. Rykta seier at det er han som er tatt.

– Det var veldig kjipt. Eg måtte be han melde tilbake at rykta ikkje var sanne. Det er eg takknemleg for at han gjorde.

Oppdaterer Facebook

Henrik forstår at det ikkje er nok å berre vera synleg for foreldra i barnehagen.

Situasjonen er tøff og fortvilande. Han kan ikkje ha det sånn. Ryktespreiinga gjer at han føler han må vise heile verda at han ikkje sit fengsla og isolert i politiets varetekt.

Henrik plukkar opp mobilen og skriv ein oppdatering på Facebook-sida si.

Facebook-status anonymisert

OPPDATERTE FACEBOOK: Dei to kollegaene følte dei måtte vise verda at dei ikkje var fengsla av politiet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Så ber han Andreas gjere det same. Han legg ut kva han har hatt til middag.

– Aller helst ville eg legge ut namn og bilde av meg sjølv i Bergensavisen. Slå det opp at det ikkje var meg, ler Henrik.

Andreas har meir å uroe seg for. Han har ei dotter som går på avdelinga der overgriparen jobba. Det skal ta tid før han sluttar å vera redd for at ho ikkje er av dei råka.

Kjenslene kolliderer inne i Andreas. Først er han redd ho er eit offer. Så blir han letta når han forstår at kollegaen kun har gått etter gutar. Så blir han lei seg for at han kan bli letta over det.

At barnehagebarna er for små til å forstå alvoret i overgrepssakene, er også vanskeleg. Den dømde barnehageassistenten var svært populær hjå mange av barna.

Fleire tykkjer det er urettferdig at han har hamna i fengsel. Kommunen instruerer barnehagen om at barna skal få lov til å stille spørsmål og at dei skal svare så ærleg dei kan.

Dottera til Andreas trur barnehageassistenten er i fengsel fordi han hoppa over gjerdet. Det er nemleg ikkje lov.

– Han hadde jo ikkje vore fæl mot dottera mi, så det ville vore feil av meg å gjera han til eit monster for ho. Men det var veldig blanda kjensler. Heime har vi tatt ned bilete frå barnehagen der han også er med.

Krise

Måndagsmorgon, 18. april 2016, vaknar skule- og barnehagebyråden i Bergen til ein glovarm mobil på nattbordet.

E-postar om at ein mann hadde innrømma grove overgrep i barnehagar han har ansvar for, var det første Pål Hafstad Thorsen (Ap) las den dagen.

Han forstod kjapt at det var ein krisesituasjon. Heile apparatet vart sett i sving. Informasjonsbehovet var enormt og kommunen bestemte seg for å halde møtet på rådhuset same kveld.

Pål Hafstad Thorsen, skolebyråd i Bergen

HAR TILLIT: Skule- og barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen (Ap) jobbar for å få fleire menn i barnehagane.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det var knapt eit auge som var tørt i den salen. Mange kjente på ein utruleg frykt for om noko hadde skjedd med deira barn eller barn dei kjente.

Han seier møtet var prega av sjokk og sinne.

– Det er noko av det mest krevjande eg har vore med på.

Han vart også nøydd til å gripe inn då ryktespreiinga om kven overgriparen var tok av. I media beskytta han dei mannlege barnehagetilsette som han har så stor tillit til.

Han var særleg klar over korleis rykta påverka Henrik og Andreas.

– Dei vart utsett for nesten umenneskelege påkjenningar.

Varm støtte

Men då rykta rasa som verst i verda utanfor, klarte foreldre og barnehagetilsette å slå ring om kvarandre. Håpet kom allereie under det intense informasjonsmøtet på rådhuset.

Bakarst i salen har Henrik har etter kvart tolka mange blikka han har fått til å vera velmeinte.

Så reiser ei kvinne seg.

Ho ber dei som er til stades å tenke seg om. Det er éin person, og éin person aleine, som har skulda for at gutane har blitt utsett for grove overgrep.

– Ho sa ho hadde full tillit til oss som jobba i barnehagane og at ho ville halda fram med å levera barna til oss, smiler Andreas.

– Det var veldig fint, nikkar Henrik.

Salen svarar med applaus. Tillitserklæringa avsluttar heile møtet.

Dei neste dagane får dei gode klemmar og støtte. Blomsterkvastane står tett i tett på pauserommet i barnehagen.

Foreldra skriv varme helsingar til dei tilsette. Når dei leverer barna om morgonen blir dei verande lengre for å snakke saman med dei tilsette i barnehagen. Banda har blitt styrka.

Skulebyråden seier offentleg at han har full tillit til mennene og dei tilsette i barnehagane. Der verda utanfor jakta kven som stod bak, kom dei næraste enno tettare på kvarandre. Det vart viktig.

– Støtta har vore veldig sterk. Vi kan ikkje takke dei nok for det. Det har gjort denne prosessen lettare for oss. Mange seier dei stolar på oss, seier Henrik.

Overgrepsutsatt kommunal barnehage sladdet kort

STØTTE: NRK vitja ein av barnehagane som vart råka av overgrepssaka i april 2016. Foreldra støtta dei tilsette.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Ny kvardag

Han og Andreas tenkt mykje på om dei burde ha skjønt at kollegaen deira utførte alvorlege overgrep på arbeidsplassen deira. Men ingen av dei tilsette mistenkte barnehageassistenten.

Overgrepssaker i norske skular- og barnehagar aukar. Utdanningsnytt skriv at 74 lærarar, assistentar og barnehagetilsette er dømt, tiltalt eller sikta i overgrepssaker sidan 2010. Over 250 barn er råka.

Det påverkar tilsette som berre ynskjer det beste for barna.

I ein periode hadde Andreas problem med å ha barn på fanget. Henrik innrømmer at han tenkjer og utfører jobben sin annleis enn før.

Han seier ifrå om kor han går. Held dørene opne. Tenkjer seg om i situasjonar der han tidlegare ikkje gjorde det.

Begge presiserer likevel at dei ikkje lenger føler seg mistenkeleggjort. Og det har aldri vore aktuelt å slutta i jobben. Men Henrik har byrja i ein ny barnehage.

Ei av årsakene var at det vart for tøft å bli minna på overgrepssaka i privatlivet. Fortalde han folk på fest kor han jobba, visste han at spørsmåla om overgrepssaka ville komme.

Barnehagepedagogane Henrik og Andreas er opptekne av at barna har mannlege førebilete i oppveksten. Rolla som mann i barnehage meiner dei er viktigare enn nokon gong.

Forskarane støttar dei. Barn som har gått i barnehagar der fleire menn er tilsett, gjer det betre på skulen seinare.

– Det ville vore negativt for mannerekrutteringa om vi slutta. Det er viktig at vi som er gode menn i barnehagen står støtt og viser kor bra vi er, fastslår Henrik.

Skulebyråd Pål Hafstad Thorsen blir imponert når han får høyre korleis dei tenkjer.

– Dei er utruleg modige og tøffe som trass i alt har klart å stå i det. Det er eg takknemleg for. Dei vil vera viktige ressursar for oss og verdifulle for barna der dei jobbar.

No håpar Henrik og Andreas på fleire kollegaer som dei sjølve. Søkjartala til barnehagelærarutdanninga gir håp om at fleire menn er på veg.

Henrik rår studentar om å ikkje bry seg om kva mindretalet seier om menn som jobbar i barnehagar.

– Dei vil alltid vera synlege og få deg til å tvile. Men all støtta vi har fått i denne saka bekreftar at vi er ønska i barnehagane