Hopp til innhold

Fleire menn i barnehagen gir flinkare barn på skulen

Ny forsking frå SSB syner klar samanheng mellom barns ferdigheiter på skulen og andel menn i barnehagen dei gjekk i.

Barn leker i barnehagen

HAR BETYDNING: Forskarar i SSB har funne ut at menn har stor betydning for barn i barnehagane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Studien vår syner at barn i barnehagar med høg del av mannlege tilsette gjer det betre på språk- og reknetestar i småskulen, seier forskar Nina Drange i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Drange og Marte Rønning har forska på kva som gjer at ein barnehage forbetrar utviklinga til barna.

Forskarane har sett på ulike faktorar ved barnehagane: andelen pedagogar, menn, tilsette med innvandrarbakgrunn og sjukefråværet i barnehagen.

Har følgt 2161 Oslo-barn

Nina Drange i SSB

FORSKER: Nina Drange i Statistisk sentralbyrå.

Foto: Studio Vest AS

– Det einaste me finn som har utslag for korleis det går med barna seinare, er andelen menn. Det er eit interessant funn, seier Drange til NRK.

Forskinga er basert på eit datasett frå Oslo kommune.

Drange og Rønning har følgt 2161 barn som gjekk i barnehage i Oslo i perioden 2005 til 2007. Deretter har dei sett på korleis dei same barna gjorde det på språk- og reknetestar i første, andre og tredje klasse.

  • Les heile forskingsrapporten her (ekstern lenke)

Menn har stor betydning

Frå før veit ein at barnehagar av god kvalitet er bra for barn som kjem frå familiar med låg sosioøkonomisk status.

Men no har altså forskarane funne ut at talet på menn i barnehagen har stor betydning for korleis barna gjer det på skulen seinare.

Men kvifor det er slik, er dei usikre på.

– Den eine årsaka kan vera at menn samhandlar med barn på ein anna måte. Og at dei bidreg med andre ting enn dei kvinnelege tilsette. Ein anna forklaring, som me ikkje har data på, kan vera at menn klarar å velje barnehagar som er i betre stand til å påverka barns utvikling.

I perioden 2005–2007 var det fleire som ønska seg barnehageplass i Oslo enn det var tilgjengeleg. Løysinga vart å tildela plassane i eit lotteri. Fleirtalet enda opp med å starte i ein anna barnehage enn det som var førstevalet til foreldra.

Forskarane veit kva barnehage foreldra ønskte seg og har såleis kontroll på foreldra sin påverknad og preferanse har å seie.

– Sjølve funna med betydninga av menn i barnehagen, er veldig robuste og klare. Særleg for språkferdigheiter.

Mål om andel på 20 % menn

I 2016 var ni prosent av tilsette i norske barnehagar menn. I dei større byane er andelen noko høgare.

Det har lenge vore eit politisk uttalt mål å ha ein andel på 20 prosent menn i barnehagar i Norge. Nina Drange meiner forskinga viser at ein slik andel vil kome barna til gode.

– Forskingsresultatet vårt er jo eit argument for å koma nærmare det målet. Men det er viktig at vi kjem litt nærare inn på kva som er årsaka til det. Førebels er det vanskeleg å forklara kvifor det er slik, avsluttar Drange.