NRK Meny
Normal

Meiner Bergen treng tusen nye bustader i året

Det må byggast 10.000 nye bustadar i Bergen dei neste ti åra, meiner Bergen Næringsråd. I dag legg dei fram planar for korleis bustadboomen kan realiserast.

Nancy Jøssang

– BYEN TRENG FLEIRE FOLK: Nancy Jøssang og planleggingsselskapet Opus har på oppdrag for Bergen Næringsråd sett på kor ein kan realisera nye bustadar i Bergen. Potensialet er stort, meiner Jøssang.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er berre å ta ein runde i det sentrale Bergen. Det er gråpapir på mange vindauge, byromma er folketomme når kontora er stengde, og folk pendlar frå ein bydel til ein annan. Byen treng fleire folk, seier Nancy Jøssang, dagleg leiar i planleggingsselskapet Opus og leiar næringsrådet si gruppe for byutvikling.

Bergen Næringsråd har gjennom prosjektet "10 på 10" gått gjennom aktuelle utbyggingsplanar og sett på kor ein kan realisera nye bustadar. Dei valt å sjå på prosjekta som kan realiserast før indrefiletane Nygårdstangen og Dokken er klare for utvikling.

10.000 nye boliger i Bergen

UTBYGGING: Dette er områda Bergen Næringsråd meiner kan få fleire bustader.

Foto: Opus

Resultatet er eit kart med 10.000 nye bustadar mellom Sandviken og Mindemyren. 1000 sentrumsnære bustader i året dei neste ti åra vil utgjera halvparten av det totale bustadproduksjonen i Bergen.

– Dette er hårete ambisjonar. Enkelte vil nok seia at me strekk strikken så langt at han ryk. Men dette er så viktig for byen, at me må vera ambisiøse, seier Jøssang.

Meir enn dobling

Til samanlikning viser tal frå Bergen kommune at det vart bygd 3.850 bustader i det same området dei siste ti åra.

Om 10.000 bustadar skal realiserast, vil ein ifølgje næringsrådet trenga åtte nye skular i Bergenhus, Indre Laksevåg og Årstad.

– Det er eit krevjande punkt. Om politikarane ikkje greier å følgja på med offentlege tilbod som gjer bustadane attraktive for barnefamiliar, vil utbygginga verta katastrofalt mislukka, seier Jøssang.

Næringsrådet meiner ein må godta at mindre areal vert brukt til uteområde og parkering.

– I staden treng me ein strategi som gjer byromma meir attraktive for leik og aktivitet, seier Jøssang.

Høgre er positive

Høgre sin gruppeleiar i bystyret, Martin Smith-Sivertsen, er positiv til planane.

– Eg deler gjerne desse ambisjonane. Men eg trur kanskje at ein burde tatt enno hardare i. Bergen sentrum har ein bykultur, og vil tola at ein byggjer tettar og høgare, seier opposisjonsleiaren.

– Mellom anna i området ved Mindemyren trur eg at ein kan legga lista høgare og gå inn for fleire bustadar, meiner han.

Martin Smith-Sivertsen

POSITIV: Martin Smith-Sivertsen (H).

Foto: Sølve Rydland / NRK

«Tenk på eit tal»

Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) vil ikkje ha konkrete talambisjonar.

– Dette er ikkje urealistiske tal. Me er glade for at næringsrådet har ambisjonar og ønskjer fleire folk og barnefamiliar i Bergen sentrum. Men dette vert jo litt prega av «tenk på eit tal», seier Tryti.

Ho meiner ein ikkje kan bygga på kvar einaste ledige tomt i dei sentrale delane av Bergen.

– Bergen sentrum skal vera hovudstad på Vestlandet, og ikkje berre for dei som bur her. Derfor kan me ikkje bygga ned heile byen, seier Tryti.

Ho meiner det må brukast meir pengar på offentlege planar for å få ei god utvikling.

– For tolv år sidan var det tolv millionar sett av til offentleg planlegging, medan det no er vel fem millionar. Me må no trappa opp att dette feltet, som har vorte nedprioritert lenge, seier byråden.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.