Hopp til innhold

Ekspert slaktar sykkelbyen Bergen

Dansk-kanadisk byplanleggar er ikkje nådig i sin kritikk etter å ha sykla gjennom Bergen sentrum. – Deprimerande. Som å vera tilbake på 1950-talet.

Dansk-kanadisk byplanleggar er ikkje nådig i sin kritikk etter å ha sykla gjennom Bergen sentrum. – Deprimerande. Som å vera tilbake på 1950-talet.

SJÅ VIDEO: By- og designplanleggaren Mikael Colville-Andersen testa sykling i Bergen sentrum i dag. Reporter: Steinar Nedkvitne | Foto/redigering: Kjell Jøran Hansen

I forbindelse med den internasjonale mobilitetsveka, har Bergen fått besøk av by- og designplanleggaren Mikael Colville-Andersen. Dansk-kanadiaren har reist over heile verda for å dele sin kunnskap om korleis byar kan tilrettelegge for syklande.

I dag har han vore på sin første sykkeltur i Bergen. Den begynte vel og bra.

– Dette er fantastisk, seier Colville-Andersen medan han syklar på den flunkande nye sykkeltraseen i Lars Hilles gate i Bergen sentrum. Brått endar traseen ved Lille Lungegårdsvann og pipa får ein anna lyd.

– Deprimerande. Trafikkplanlegginga i byen er som å vera tilbake på 1950-talet, er dommen frå Colville-Andersen.

Ville ikkje ha sykla med barna

Han meiner det viktigaste i ein by er å frakta folk og ikkje bilar. Med seg på dagens sykkeltur har han sykkelsjef Einar Johan Grieg i Bergen kommune. Oppfordringa frå eksperten er klar.

– Bergen må tenke nytt. Det er plass i alle byar til å lage sykkelstiar. Ein må planlegge eit hierarki; fotgjengarar, syklistar og bilar skal alle ha sin plass, gestikulerer og forklarar Colville-Andersen.

Han seier han aldri ville ha tatt med barna på sykkeltur i Bergen sentrum.

– Dei er sju og ti år gamle, og syklar i København heile tida. Her i Bergen? Nei.

– Må løyse knuten

Men Bergen har altså eit stykke igjen før ein kan samanlikne seg med sykkelbyar som nettopp København og Amsterdam. Sykkelsjefen meiner svaret ligg i sentrum.

– Det er sentrum som har vore den gordiske knuten. Når vi får løyst den, så losnar det. Eg trur det skjer mykje dei neste fem til ti åra. Eg er optimistisk, avsluttar Grieg.