Østersproduksjonen i Europa har i fleire år vore ramma av sjukdom, og østersen som blir produsert her i Norge blir no rekna som den beste i verda.
Betre marknadsføring
Ved aktiv markedsføring, meiner Stein Mortensen ved Havforskningsinstituttet i Bergen at østersen på kort tid kan bli Norge sitt svar på den franske champagnen.
Made in Bømlo
Storparten av den norske østersproduksjonen foregår i Sunnhordland, der all østers-yngelen kjem frå Eivind Bergtun sin anlegg på Bømlo.
Ved hjelp av eksportutvalget for fisk håpar Bergtun at den norske østersen snart skal få innpass i den franske marknaden.
Treng pengar
Men skal det skje trengs det pengar, og i så fall kan produksjen aukast betydeleg. Ein auke på 20.000 tonn vil til dømes bety ein milliard kroner meir i lomma til dei norske østerdyrkarane.
Som champagne
Førebels er talet på norske produsentar er svært lite, men likevel er norsk østers no i ferd med å bli det champagne er for Frankrike, hevdar Mortensen ved Havforskingsinstituttet.