Hopp til innhold

Linn kjempar for at bestefar skal få bu på sjukeheimen

Vaksdal kommune vil han skal flytta for å spara pengar på kommunebudsjettet. – Heilt forkasteleg, seier Linn Tove Eriksen.

brørvik

OPPRØRT: Linn Tove Eriksen ønskjer at bestefar Torbjørn Brørvik skal få halda fram med å bu i Modalen.

Foto: PRIVAT / MONTASJE

Sidan 1982 har Vaksdal kommune eigd fire plassar på sjukeheimen i nabokommunen Modalen. Vaksdal er ein langstrakt kommune, og hensikta med ordninga har vore at eldre frå Eksingedalen skulle få institusjonsplass nærmast mogleg heimplassen sin.

På grunn av pengemangel har Vaksdal dei siste fem åra lagt ned 16 sjukeheimsplassar sentralt.

No vil dei spara ytterlegare på å flytta dei tre bebuarane frå Modalstunet til sjukeheimar sentralt i Vaksdal.

Flyttinga skal skje førstkommande torsdag, 12. mai.

– Tar ikkje omsyn

Dei tre familiane meiner desse tre eldre burde fått bli buande livet ut før ordninga så vart fasa ut.

I Vaksdal kommunestyres vedtak om flytting av sjukeheimsplassar vart det slått fast at ein skulle ta omsyn til dei involverte.

Ein av dei er Torbjørn Brørvik. Barnebarnet Linn Tove Eriksen er opprørt.

– Dette er ikkje å ta omsyn til han i det heile tatt. No har han det godt og trygt. Han er dement og vil bli uroleg av å flytta, seier Eriksen.

Ho legg til at bestefaren nok vil tola ein biltur frå Modalen til Vaksdal.

– Men fastlegen hans har fråråda flytting, seier Eriksen.

Eirik Haga, ordførar i Vaksdal for Arbeiderpartiet

MÅ SPARA: – Eg skjønar at dette er opprørande, seier ordførar Eirik Haga (Ap)

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sparer millionar

– Eg skjønar at dette er opprivande, seier Eirik Haga (Ap), ordførar i Vaksdal.

– Men vi har dårlegare økonomi. Vi sparer nokre millionar på dette, og vi har plass til våre på våre eigne sjukeheimar.

Han er dement og vil bli uroleg av å flytta

Linn Tove Eriksen, pårørande

– At bestefar skal gå gjennom dette av økonomiske grunnar, er heilt forkasteleg, svarer Eriksen.

Dei pårørande har fått brev om at flytttinga vil skje torsdag.

– Me som pårørande kjem til å møta opp den dagen. Me kjem ikkje til å lenkja oss fast med kjetting, men me føler me ikkje blir tatt omsyn til, seier Eriksen.

Kan melda flytting

Ingen blir flytta med tvang, lovar ordføraren. Det er óg mogleg for bebuarane å melda flytting til Modalen.

Dei tre bebuarane har ikkje tatt stilling til om dei skal melda flytting frå Vaksdal for å behalda sjukeheimsplassen i Modalen.

– Ei naturleg utfasing ville vore det beste. Det er trass alt heimen deira, seier Eriksen.