Lene (34) og Kristian (35) bytta ut storbyliv med møbelproduksjon på øy med 90 innbyggarar

GRIEGHALLEN (NRK): Gründerparet forlét hovudstaden for å realisera designdraumen, og gjekk til topps i si første utstilling. No er målet å konkurrera med dei store.

Lene Notland Harnes og Kristian Notland Harnes

DESIGNPAR: Lene Notland Harnes og Kristian Notland Harnes viste for første gong sine eigne designmøblar på interiørmessa i Bergen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Øya Huglo ligg aust for Stord i Hordaland, på andre sida av sundet Nuen. No har sundet gitt namn til Lene og Kristian Notland Harnes sin møbelkolleksjonen.

På øya med omtrent 90 innbyggarar designar og delvis produserer dei møblar.

– Me har lyst å laga møblar som kan gå i arv, seier Lene.

Paret hadde lenge budd i Oslo, der han jobba på eit kulturhus, og ho i eit app-firma.

For vel eit år sidan forlét paret alt dei hadde i hovudstaden. Dei tok med seg dei tre ungane, busette seg på den vesle øya, og måtte køyra båt til barnehagen.

Montering - Nuen

NORSK TREVERK: Montering av Nuen-møblar på Kvass på Dovre. Målet er at stadig meir av produksjonen skal gå føre seg på Huglo.

Foto: Privat

Starta med barneseng

På Interiør- og designmessa i Grieghallen i Bergen førre helg stilte paret for første gong ut møblane sine.

Det enda med at dei fekk prisen som Årets utstillar.

Ideen til det første møbelet kom då dei leita etter barneseng.

– Det var dårleg utval, så me enda med å laga ei sjølv, fortel Lene.

Dei er opptekne av kortreiste materiale. Barnesenga er i norsk eik og madrassen er trekt med villsauull frå Nordhordland. I tillegg har dei ei dagseng og ein lounge-stol.

– Me er veldig glade for alle dei gode samarbeidspartnarane me har, seier Kristian.

Det hemmelege målet er å verta lika store som Bolia.

– Det har me skrive ned på ein lapp, men me vil ikkje seia det så høgt, ler han.

Lene og Kristian Notland Harnes, Nuen møblar

FLYTTA: Lene og Kristian flytta frå Oslo for å oppfylla designdraumen. Her i skogen på Huglo.

Foto: PRIVAT

Lokal produksjon

Paret har snakka mykje med Sortland Møbelfabrikk for å læra. Kristian fortel at det har teke tid å få på plass ei norsk produksjonslinje, fordi kompetanse har vorte bygd ned dei siste tjue åra, for heller å konkurrera på effektivitet.

Lene har tatt med seg jobben frå Oslo til Bergen. Fordi det blei vanskeleg å pendla frå Huglo, valde paret nyleg å flytta over fjorden til Os.

Men Kristian arbeider framleis med møblar både frå Os og Huglo, og målet er at meir og meir produksjon etter kvart skal skje på øya.

Nuen

NORSKPRODUSERT: Alt i den vesle kolleksjonen frå Huglo er produsert i Noreg.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Kan lukkast

Mona Larsen, instituttleiar for design ved Universitetet i Bergen, meiner småskalaprodusentar har gode moglegheiter til å lukkast i dag.

– Eg trur absolutt dei kan lukkast. Så lenge dei har engasjement, kunnskap om materialar og eit godt formspråk, seier ho om Nuen-gründerane.

Larsen meiner kortreist produksjon, med fokus på kvalitet, er viktig med dei klimautfordringane me står ovanfor. Larsen samanliknar Nuen med eldre designarar, som framleis vert referert til og kopiert i dag.

– Det er tidlaust fargeval og tidlause former, og det vert berre meir verdifullt med tida, seier ho.