Det var klokka 00.30 i natt at politiet fekk ei uromelding frå ein privatperson i Odda som har leigd ut leilegheit til to turistar frå USA og Canada.
Turistane skulle søndag gå til det populære turmålet Trolltunga, men då dei to kvinnene i 20-åra ikkje var komne tilbake natt til måndag, tok utleigaren kontakt med politiet.
Dermed var sommarsesongens første aksjon på Trolltunga eit faktum.
Den enda heldigvis godt. Etter å ha gått dei lange kilometra inn til Trolltunga i natt, fann mannskapa frå Røde Kors dei to turgåarane i ei av naudbuene som er sett opp langs stien.
– Dei redda livet vårt
Det var amerikanske Rebecca Eleanor Rose Myshrall (22) og canadiske Joy Launio (27) som vart meldt sakna i natt.
På telefon fortel dei til NRK at dei nådde Trolltunga klokka 18.00 i går kveld, men at dei fekk problem på veg ned igjen. Regn og tett tåke gjorde forholda svært vanskelege.
– Saman med to andre turgåarar frå USA sjekka vi den næraste naudbua. Der var det to personar frå Belgia og England. Dei gav oss mat og drikke, og vi bestemte oss for å overnatte der, fortel Rose Myshrall.
Like etter klokka 05.00 kom fem personar frå Odda og Tyssedal Røde Kors for å hjelpe dei ned. Turistane er svært glade for både naudbua og hjelpekorpset.
– Det redda livet vårt. Dei møtte oss med varme klede, mat og smil. Det var veldig kaldt i naudbua i natt, men heldigvis var det varme teppe der, seier Launio.
Dårleg vêr
Dei to kvinnene i 20-åra starta turen tidleg søndag morgon. Sidan då endra vêret seg drastisk.
Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda og Tyssedal Røde Kors fortel at det er mange turgåarar i området. Dei søv i telt og er godt førebudd for ei kald natt på fjellet.
– Det er krevjande forhold med tungt regn og tett tåke. No har vi fire kilometer igjen før vi er nede og humøret er bra. Dei to turistane har fått tørre og vindtette klede av oss, sa Fjeldsbø til NRK i 07.15-tida.
Naudbuer på plass i fjor
Også to andre turgåarar, som har overnatta i telt langs stien, tek følgje med Røde Kors ned igjen frå fjellet.
Dei siste åra har interessa for Trolltunga tatt seg kraftig opp, noko som har gjort at Røde Kors ofte har måtta rykka ut til turistar i dårleg form eller i dårleg utstyr.
Etter over 40 aksjonar i høgsesongen i 2016, vart det sett inn fleire tiltak i 2017 som reduserte talet på aksjonar kraftig. Eitt av tiltaka var to naudbuer som er sett opp langs stien.
– Det er ingen tvil om at naudbuene er eit godt tiltak. Denne aksjonen er eit godt døme på det, avsluttar operasjonsleiar Lars Geitle i politiet.