Slik skal dei redde Trolltunga-turistane

ODDA (NRK): Ei vaktbu reduserte talet på redningsaksjonar ved Trolltunga kraftig førre sesong. No blir ordninga permanent.

Trolltunga dronefoto

TREKKPLASTER: Trolltunga trekkjer til seg stadig fleire turgåarar. Mai har vore rekordmånad.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Oh God! It was amazing!

Amerikanaren Lee Thompson pustar ut i Skjeggedal etter ti timar på tur til Trolltunga.

– Eg er sliten no, men det var så vakkert. Turen var verkeleg verdt slitet og pinen, seier han til NRK.

Lee Thompson

SLITEN NO: Lee Thompson har akkurat fullført reisa til Trolltunga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Rekordsesong

Thompson er ein av mange utlendingar som allereie har funne stien til Trolltunga i år.

– Det ser ut til å bli ein veldig hektisk sesong. Vi slår alle rekordar no i mai, og det er stort sett utlendingar som går til Trolltunga. Vi synest nok at vi er godt i rute, sjølv om det er vanskeleg å førebu seg på ein stadig aukande turistmasse, seier Roald Aga Haug, Ap-ordførar i Odda.

Ordfører i Odda, Roald Aga Haug

INVESTERER: Ordførar Roald Aga Haug seier kommunen brukar opp mot sju millionar kroner på sikringstiltak til Trolltunga i år.

Foto: Tale Hauso / NRK

I 2016 var det 42 redningsaksjonar på Trolltunga i Odda i Hardanger. Det ynda turistmålet krev gode sko, men mange turistar på selfiejakt legg ut på den 22 kilometer lange turen utan å ha planlagt godt nok.

Talet på redningsaksjonar blei i 2017 halvert til 21. Reduksjonen skuldast ei prøveordning som no blir permanent.

Permanent bu med vaktar

Midt i sesongen førre sommar blei ei lita vaktbu frakta opp til Floren, fem-seks kilometer frå instagramfavoritten Trolltunga.

Vaktbu Trolltunga

GOD HJELP: Denne vaktbua har vore viktig for å få ned talet på redningsaksjonar, meiner hjelpemannskapa. I år vil kommunen byggje ei permanent vaktbu.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi jobbar no med å etablere fjellvaktar og vil byggje ei permanent vaktbu. I tillegg ønskjer vi å få på plass toalett og ei bomløysing. Vi vil òg forbetre dei siste seks kilometrane av stien inn til Trolltunga. Vi ser for oss å bruke seks-sju millionar kroner i årets sesong, seier ordførar Haug.

Hjå Røde Kors i Tyssedal er dei budd på ein ny sesong.

Ein konteinar som skal stå på stien med alt nødvendig redningsutstyr, blir pakka klar.

Korpssjef Beate Weum meiner vaktbua har vore viktig.

Beate Weum i Tyssedal Røde Kors

KLARE: Korpssjef Beate Weum i Tyssedal Røde Kors har utstyr til kommande redningsaksjonar.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Den tok brodden av mykje. Då kan vi snakke med dei før dei går opp, roe dei og få dei til å gå heim att om dei ikkje er budd for turen, eller piffe dei opp. Det er viktig, for dette er ikkje lenger ein vanleg tur. Det er ein turistmaskin, seier Weum.

Redningsfolka har allereie hatt to henteoppdrag.

– Men vi er klare for meir. Folk skal få hjelp, slår Weum fast.

Fjellvakt Mats Bjørnstad

VAKT: Fjellvakt Mats Bjørnstad gjev råd til turgåarar.

Foto: Tale Hauso / NRK