Hopp til innhold

Kuttar ved sjukehuset dagen etter at Odda vart råka av fleire ras

ODDA / HAUGESUND (NRK): Lokalbefolkninga varslar ny sjukehuskamp etter at Helse Fonna vedtok nye kutt på Odda sjukehus.

Ras på rv 13 i Odda

TORSDAG: Slik såg det ut på riksveg 13 i Odda torsdag, då to bilar vart trefte av eit steinras. Ein person vart sendt til det lokale sjukehuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

Administrasjonen i Helse Fonna har fredag vedtatt å kutte ved fleire poster ved Odda Sjukehus, mellom anna samdrift av to sengepostar, færre senger og redusert aktivitet neste sommar.

Det skjer dagen etter at to bilar vart trefte av eit steinras på riksveg 13. Ein person vart sendt til sjukehus med lettare skadar.

Odda kommune var nær ved å bli isolert torsdag, då det totalt var tre ras i kommunen, samt eit ras i nabokommunen. På eit tidspunkt var berre ein veg ut av kommunesenteret open på grunn av alle rasa.

Terje Kollbotn

DRAMATISK:- Det var dramatiske ras i går, seier Terje Kollbotn.

Foto: Tale Hauso / NRK

LO-leiar i Indre Hardanger, Terje Kollbotn, varslar allereie no sjukehuskamp for Odda sjukehus.

– Det var på nippet det ikkje gjekk liv med i går. Det er ein provokasjon at det kuttast ytterlegare på sengepostar, og som konsekvens at ein må flytte fleire pasientar frå Indre Hardanger til Haugesund, seier Kollbotn.

Helse Fonna: – Ingen kutt i beredskap

Helse Fonna meiner det er feil å knytte gårsdagens hendingar til kutta. I ei pressemelding skriv dei at det er nødvendig å vere tydeleg om kva budsjettvedtaket i dag inneber.

– Akuttkirurgisk beredskap ved Odda sjukehus har ikkje vore tema i dag og vil heller ikkje bli påverka av budsjettvedtaket. Å redusere senger har ikkje innverknad på beredskapen, seier nestleiar i styret, Brian Bjordal.

Nestleier Helse Fonna

– MÅ TILPASSES: Brian Bjordal meiner drifta av lokalsjukehuset må tilpassast utviklinga og behovet i Odda.

Foto: Helse Fonna

Han presiserer at Helse Fonna plasserte ut ambulansar på fleire plassar etter rasa i Odda i går.

– Utviklinga er slik at fleire pasientar blir behandla på dagtid og færre treng innlegging i sjukehus. Då må vi tilpasse drifta vår til dette, seier Bjordal.

– Tomme ord

Kutta skjer kort tid etter lang tids kamp for akuttilbodet ved sjukehuset.

I mai fekk den endelege kampen eit førebels punktum då Stortinget vedtok å halde på beredskapen ved sjukehuset.

I lys av hendinga i går meiner Kollbotn at kutta signaliserer ei svekking av lokalsjukehuset.

– Folk har framleis angsten i seg frå i går. Store deler av vegnettet vart stengt, og i slike situasjonar er vi heilt avhengig av eit lokalsjukehus, seier han.

Han legg til:

– Det er heilt tydeleg at stortingsvalet er over. Før valet fekk vi beskjed om at Odda sjukehus skulle styrkast. Desse kutta signaliserer det motsette.

I dag er arbeidet med å rydde etter raset ved Lausasteintunnelen i Odda i gang. Vegvesenet håper å kunne opne for manuell dirigering av biler forbi rasstaden klokka 15.00.

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.