NRK Meny
Normal

– Sandberg opptrer som om han vil sensurera forskarar

Fiskeriministeren kravde at havforskarar skal vere «næringsvennlege». Det har fått mange på Stortinget til å reagera – og ført til krav om at statsministeren kjem på bana.

Per Sandberg på Sjømatdagene på Hell 2016

KRITIKK: Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) sitt utsegn om at Havforskingsinstituttet må vera eit «næringsvenleg institutt» vekkjer reaksjonar både på Stortinget og i forskarmiljøet.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Havforskingsinstituttet er ikkje eit reklamebyrå for oppdrettsnæringa, seier SVs Torgeir Knag Fylkesnes til NTB.

Han reagerer på fiskeriminister Per Sandberg (Frp) sine utspel i kjølvatnet av oppvaskmøtet mellom Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) og Havforskingsinstituttet (HI).

– Vi har ein felles ambisjon om vekst i sjømatnæringa, og da kan vi ikkje drive å skule på kvarandre på denne måten. HI skal vera eit næringsvenleg institutt, understreka Sandberg ovanfor NTB etter møtet.

Han må klargjera om han er feilsitert, elles må han bli sett på plass av regjeringa.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til NRK

– Sensur av forskarar

Til NRK seier Fylkesnes at regjeringa bør stramma opp Sandberg etter utsegnene.

– Statsråden opptrer som om han skal sensurera forskarar og skapar tvil rundt HI sin forsking. Det er heilt vanvitig. Sånne ministrar treng vi ikkje i Norge, smell det frå SV-politikaren, som sit i næringskomiteen på Stortinget.

– Han må klargjera om han er feilsitert, elles må han bli sett på plass av regjeringa. Viss ikkje må vi følge opp i Stortinget og diskutere om statsråden har tillit.

Viss det var slik at ein kunne bestille forskingsresultat, så hadde ikkje næringa vore tent med.

Direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet
Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) meiner Sandberg sine utspel minner om

Foto: Siv Sandvik / NRK

Marianne Aasen i Ap samstemmer:

– Det skal vera klinkande klart at forsking skal vera fri og uavhengig frå politisk styring. Det er heilt urimeleg å krevja at ei institutt skal ha same mål som regjeringa, seier ho.

– Sandberg forstår tydelegvis ikkje kva dette inneber. Eg vil utfordra statsminister Erna Solberg på om dette er regjeringa sitt offisielle syn; at ein skal diktera forskingsinstitutt.

«Skittkasting»

Konflikten brunnar i ein åtte sider lang uromelding som NSL har sendt inn til Fiskeridepartementet, om instituttet si mangeårige studie av lakselus i Etneelva og Guddalselva i Hordaland.

Bakgrunn: Oppdrettere beskylder forskere for juks i lakselus-studie

– Sandberg må straks kallast inn til kurs hos kunnskapsminister Isaksen om kva forsking er for noko rart. Regjeringa kan ikkje leva med ein statsråd som er så kunnskapslaus om føresetnadane for god forsking, seier Rasmus Hanson frå Miljøpartiet dei Grøne til NTB.

Trass fleire forsøk har Per Sandberg ikkje svart på NRK sine førespurnadar i dag.

Marianne Aasen

KRITISK: Marianne Aasen i Ap meiner utspelet tyder på at Sandberg ikkje veit kva fri forsking er.

Foto: Su Thet Mon / NRK

– Forskinga må vera fri

Direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet ville ikkje la seg intervjua etter oppvaskmøtet med fiskeriministeren i går.

I dag snakkar ho, og presiserer at god forsking betyr at den er fri og uavhengig, og at forskarane ikkje blir forsøkt styrt.

– Vi blir så langt ikkje forsøkt styrt. Det som er viktig er at vi best mogleg forsking, og det betyr at ein nokre gonger ikkje vil like resultata.

– Vi har eit samfunnsoppdrag, og forskinga vår er heilt sentralt for vår rådgjeving ovanfor politikarane. Og derfor må råda vera basert på best mogleg forsking, og den er fri og uavhengig.

Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet

FØLER TILLIT: – God forsking er fri og uavhengig forsking, seier direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet. Så langt opplever ho ikkje å bli styrt av politikarar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit