Krev klimavenleg «distrikts-OL»

Fire idrettskrinsar vil ha vinter-OL til Noreg i 2030 og vil «ta heile landet i bruk». Still strenge klimakrav, krev Framtiden i våre hender.

Lillehammer-OL 1994

GJENBRUK: Dei fire idrettskrinsane vil ha eit «folkeleg og nøkternt» OL i 2030 som tar heile landet i bruk. Her frå Lysgårdsbakkene på Lillehammer under OL i 1994.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

I januar blei det kjent at dei fire idrettskrinsane Oppland, Telemark, Hordaland og Trøndelag går saman om å få OL til Noreg i 2030. Men allereie i fjor lanserte Oppland og Lillehammer forslaget om eit desentralisert OL i Noreg.

– Om Noreg skal arrangere OL, bør målet vere å lage verdas mest miljøvenlege idrettsarrangement, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

Må sette ambisiøse mål

Organisasjonen peiker på at særleg transport av utøvarar, utstyr og støtteapparat, og av alle tilskodarane fører til klimagassutslepp. Men også bygging av nye anlegg og hotell er ei belastning for miljøet.

– Arrangørane må sette seg ambisiøse utsleppsmål, og mål for å ta i bruk nye lågutsleppsløysingar, seier Riise.

Anja Bakken Riise, leder Fremtiden i våre hender

MILJØ: Idretten bør stille krav til miljøvenleg transport ved eit eventuelt OL, meiner leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise.

Foto: Fremtiden i våre hender

Riise viser til at om Noreg skulle få OL i 2030, er det det same året som verda må ha halvert klimagassutsleppa for å halde den globale temperaturauka til under 1,5 grad.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at ein skal ha eit OL der ein tar heile landet i bruk og samstundes kutte utslepp, men dei fire krinsane som vil søke saman er i brukbar nærleik til kvarandre, dei har alle togforbindelse og dei har til dels anlegg i god internasjonal standard, seier Riise.

Også Naturvernforbundet er opptekne av at ein skal bruke eksisterande anlegg.

– Å bygge store, nye anlegg og bebuarlandsbyar er ikkje bra for klimaet, seier leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Gabriel Fliflet.

Leiar i Naturvernforbundet i Hordaland, Gabriel Fliflet

KLIMAAVTRYKK: – Skal eit OL ha eit låg klimaavtrykk, er det ein føresetnad at ein allereie har det meste av anlegg på plass, seier leiar i Naturvernforbundet i Hordaland Gabriel Fliflet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Gjenbruk av anlegg viktig

Helge Johnsen, leiar i Hordaland idrettskrins, seier krinsane ikkje har gjort ei miljøanalyse enno, men at miljø og klima er noko dei vil fokusere på.

– Dette må gå parallelt med alt anna vi planlegg. Vi må få med oss alle gode krefter som kan hjelpe oss til å løyse dette.

Krinsane har allereie sagt at etterbruk av OL-anlegg er viktig for dei.

– Sjølvsagt må vi bygge noko nytt, men det vi bygger må vere nøkternt og berekraftig. Og vi skal ikkje bygge ting vi ikkje har bruk for i ettertid.

Granåsen i vinterdrakt

HEILE LANDET: Granåsen i Trondheim kan huse fleire olympiske vinterøvingar. andre kan bli lagt til til dømes Voss eller Lillehammer.

Foto: Roar Hansen

Berekraft forventa av IOC

I mai skal Idrettstinget ta stilling til om Noreg bør vurdere å arrangere eit nytt vinter-OL.

Idrettsstyret har avvist at det er aktuelt med eit OL i 2026, men idrettspresident Tom Tvedt vil ikkje forskottere kva styret vil meine.

– Dette skal behandlast på lik linje med alle andre forslag på Idrettstinget.

Dei fire idrettskrinsane har sagt at dei vil ha eit «folkeleg og nøkternt» med «fokus på etterbruk». Tvedt seier berekraft og miljø uansett er noko ein må ta omsyn til, fordi IOC har mål om at framtidige OL skal bli meir berekraftige.

– Berekraftsmåla er noko IOC og den paralympiske organisasjon har fokus på, og det gjeld uansett kor ein skal arrangere OL. Så dette må på plass uansett.