Hopp til innhold

Konkurrentar fryktar ikkje nytt kjøpesenter

Åsane får 80 nye butikkar når endå eit nytt kjøpesenter opnar torsdag. Nabosentera fryktar ikkje konkurranse, men trur tvert om det nye senteret vil føre endå fleire handlande til bydelen.

Horisont Åsane

NYTT KJØPESENTER: Horisont opnar torsdag 13. november. Sjå korleis kjøpesenteret blir her.

– Det kjem til å vera mykje trafikk i det området, og det vil føre til at me kanskje vil få endå fleire kundar som vil ha effektiv og lettvint handel, seier senterleiar hjå Gullgruven, Mette Alsager.

Konkurrentane rundt Horisont ynskjer den nye naboen velkomen, sjølv om senteret er plassert rett over gata frå gamle Ikea, og berre 400 hundre meter frå Åsane Storsenter.

Det også sjølv om kjøpesenteret har 40 000 kvadratmeter som skal huse 80 nye butikkar.

Er det behov for så mange kjøpesenter innanfor eit så lite område?

– Det er eit godt spørsmål, men det er trass alt over 40 000 innbyggjarar i Åsane, og det kan hende dette fører til mindre handelslekkasje til sentrum, seier Alsager.

– Me får eit komplett tilbod i Åsane, og det kjem nokon heilt nye konsept no, så dette kan føre til at me får auka trafikk frå andre bydelar, seier ho.

– Største byggeprosjektet i Bergen

Jeanette Heggland

SENTERLEIAR: Jeanette Heggland som er senterleiar på Horisont meiner det er behov for eit nytt kjøpesenter i Åsane.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Kjøpesenterets senterleiar Jeanette Heggland har ei omvising på minner mest om ein byggeplass, og det berre eit døgn før opning av det nyaste kjøpesenteret i landet.

– Me held på med å henge opp julepynt, butikkane held på med å henge opp skilta sine, og varer blir pakka opp i stort tempo, seier Heggland.

Kjøpesenteret Horisont er bygd på underkant av to år. I tillegg til 40 000 kvadratmeter til butikkar, er det også ein kjellar for parkering på over 20 000 kvadratmeter. På toppen av kjøpesenteret er det 170 leilegheiter.

– Totalt er heile bygget på 81 000 kvadratmeter, noko som gjer Horisont til det desidert største byggjeprosjektet i Bergen, seier senterleiar på Horisont, Jeanette Heggland.

– Det er behov

Horisont kjøpesenter

LEILEGHEITER: På toppen av kjøpesenteret Horisont er det 170 leilegheiter.

Foto: Tim Christian Wassmo / NRK

Senterleiar Jeanette Heggland fortel at det er eit strategisk val at Horisont opnar på tomta dei no.

– Me trur absolutt det er behov for eit kjøpesenter til i Åsane, det er me heilt sikre på, seier ho.

Kvifor rett ved dei andre sentera? Kvifor kunne de ikkje valt ein heilt annan stad?

– Me trur det er veldig bra å ligge tett på. Då få ein konsentrert handelen, og me blir sterke saman, seier Jeanette Heggland.

– Me får eit sterkt knutepunkt i bydelen, og det trur me er veldig positivt, legg ho til.

Treng vi fleire kjøpesenter? Sei di meining i kommentarfeltet under.