Hopp til innhold

Kjersti blei filma topplaus på terrassen

Dronen kom inn i hagen til Kjersti B. Wågsæther, og stoppa opp. – Slik filming kan vera straffbar, åtvarar Datatilsynet.

Kjersti Birkeland Wågsæther

BLEI FILMA TOPPLAUS: Kjersti Birkeland Wågsæther sola seg på terrassen då ein drone kom flygande og stoppa. – Det var litt ekkelt, seier ho.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Jan Roald Eik Helivision

FORSTÅR SKEPSISEN: Jan Roald Eik i Helivision har mange eigedomsmeklarar som kundar.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Kjersti B. Wågsæther sat og sola seg topplaus i sin eige hage, då ein humlesurrande dings brått stansa i lufta rett over hovudet hennar.

Det var eit kamera, festa til ein drone. Wågsæther frå Bergen er skeptisk til at kven som helst skal kunne bruke slike fjernstyrte, flygande kamera.

– Kva i alle dagar gjer den her, tenkte eg. Og kvifor skal den sjå på meg?!

– Såg den på deg?

– Ja, den stoppa iallfall opp. Det var litt ekkelt. Eg tenkte; er det slik det skal vere i framtida? At alle skal sjå deg når dei vil?

Sjå reportasjen:

Drone

FRITT FRAM FOR DRONER? Kjersti sola seg topplaus i sin eigen hage, då eit dronekamera kom surrande og stansa der ho sat. Som eit prøveforsøk er det no lov å bruke droner som hobbyfotograf i 12 månader utan å søkje om lov.

Vanskeleg lovgiving

Morten Raustein Luftfartstilsynet

IKKJE FRITT FRAM: Morten Raustein i Luftfartstilsynet seier det ikkje er lov å fly over folk.

Foto: NRK

Bruk av droner til å ta luftfoto har blitt vanleg dei siste åra. Jan Roald Eik i selskapet Helivision er ein av dei som ofte brukar droner, til dømes for å fotografere bustadhus som skal ut for sal.

– Ofte er det eigedomsmeklarar og fotobyråer som treng flyfoto av eigedomane, seier han.

Lovgivinga kring droner kan vera forvirrande for mange. Lover som ikkje blei laga med tanke på droner, gjer tolkinga utfordrande. Hovudregelen er slik at viss poenget er å filma noko, krev det løyve. Men hvis der berre er på gøy, treng du ikkje.

– Du kan til dømes fly modellfly utan løyve, seier inspektør Morten Raustein i Luftfartstilsynet.

– Forstår at folk er skeptiske

Ove Skåra Datatilsynet

KAN VERA STRAFFBART: – Går ein for nært på utan samtykke og publiserer det, så vil det kunne vera straffbart, seier kommunikasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet.

Foto: NRK

Ei prøveordning som skal vara ut året, inneber at det ikkje lenger er naudsynt å søkja om løyve til fotografering og filming frå lufta så lenge dronen er innan synsrekkevidde, og ein flyr utanfor restriksjonsområde.

Prøveordninga tyder likevel ikkje at «smugkikkinga» Kjersti opplevde, er lov, ifølgje ekspertane.

– Det er ikkje fritt fram. På ingen måte. Det er ikkje lov å fly over folk, seier Raustein i Luftfartstilsynet.

– Går ein for nært på utan samtykke og publiserer det, så vil det kunne vera straffbart, seier kommunikasjonsdirektør Ove Skåra i Datatilsynet.

Jan Roald Eik i Helivision har stor forståing for at folk kan bli skremde av å få ein drone inn over terrassen.

– Eg trur nok dei fleste som får ei slik over huset vil lura litt på kva det er, ja. Eg forstår at folk er skeptiske, seier Eik.