Åtte millionar kinesarar har sett megastjernas norske musikkvideo

59 år gamle Alf Sigurd Strømsnes måtte lyga på alderen for vera med i den nye musikkvideoen til «Kinas Justin Bieber». På kort tid er videoen sett av fleire millionar.

Alf Sigurd Strømsnes

FLÅMSBANA: Alf Sigurd Strømsnes (59) frå Aurland spelar ein 70 år gamal mann på Flåmsbana. Musikkvideoen er sett av fleire millionar kinesarar.

Foto: Skjermbilde

– Eg sa ja til ei rolle som eg ikkje hadde peiling på. Men eg er fødd på ein positiv dag, og likar å ta ting på sparket, seier Alf Sigurd Strømsnes (59) frå Aurland.

Han er ganske tilfeldig i ferd med å bli eit kjent fjes for fleire millionar kinesarar.

Superstjerna Wang Yuan (17) lagde oppstyr på Vestlandet tidleg i januar, då han skulle spela inn musikkvideo til sin nye singel «Seventeen».

Onsdag ettermiddag blei musikkvideoen, som er smekkfull av idylliske vestlandsmotiv, publisert i sosiale medium i Kina.

Wang Yuan i Myrkdalen

GLAD I VINTER: Kinesiske superstjerna Wang Yuan på plass i Myrkdalen. Under heile noregsbesøket kunne 34 millionar fans følgje han på ulike sosiale medium.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ein av verdas «viktigaste» tenåringar

På under eit halvt døgn er videoen allereie sett over sju millionar gonger. Den 17 år gamle superstjerna har 34 millionar følgarar på ulike kinesiske sosiale medium og er lista av Time Magazine som ein av verdas 30 mest innflytelsesrike tenåringar.

I den nye musikkvideoen får den enorme fanskaren hans eit nærare blikk på vestlandsk natur. Videoen er spela inn mellom anna i Bergen, Myrkdalen og Flåm.

Alf Sigurd Strømsnes enda opp på skjermen då filmprodusentane trengde ein 70 år gamal mann til ei scene på Flåmsbana.

– Dei ville ha ein gammal mann med grått hår. Eg reagerte jo litt først, for eg synest ikkje eg ser så gamal ut, men sånn vart det, smiler 59-åringen frå Aurland.

Wang Yuan i skibakken

TRAA SOM GUIDE: Tidlegare OL-vinnar Kari Traa var personleg skiguide for Yuan Wang då han besøkte Myrkdalen for å spele inn musikkvideo tidleg i januar.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Håpar på turistboost

Superstjerna sitt besøk til Norge kom i stand i samarbeid med Innovasjon Noreg og fleire vestlandske turistaktørar.

Håpet deira er at fleire av dei 1,4 milliardar kinesarane skal få auga opp for Norge som reisemål på vinterstid.

Kinesiske Wang Yuan kom til Noreg tidleg i januar etter å ha inngått eit samarbeid med Innovasjon Norge. Dermed enda musikkvideoen for den nye singelen hans «Seventeen» opp med å bli reklame for Norge retta mot kinesarar.

– Vi når reisande vi aldri hadde nådd gjennom tradisjonelle kampanjar, sa reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge under besøket.

Beathe Stentvedt, Terje Merkesdal og Alf Sigurd Strømsnes

MØTESTART: På onsdagens styremøte i Aurland idrettslag, der Alf Sigurd Strømsnes, er formann, blei musikkvideoen frå Kina vist. Her er Strømsnes (t.h.) med Beathe Stentvedt og Terje Merkesdal (t.v.).

Foto: Arne Veum

– Dette vart større enn eg hadde trudd

Alf Sigurd Strømsnes såg for første gong musikkvideoen heime i Aurland onsdag kveld. Då forstod han kor stor tenåringsidolet faktisk er.

– Dette vart større enn eg hadde trudd. Mange får sett fin natur, kjekke folk og høyra fin musikk, seier Strømsnes.

59-åringen avslører at han prøvde å gjera endringar i manuset då han fekk beskjed om at han skulle spela ein 70 år gamal mann.

– Eg ville heller seie at eg var 60. Men dei hadde laga klart eit manus, og ville ha det akkurat som planlagt. Så lenge dei var happy, som var eg og det, avsluttar sogningen som no blir eit kjent fjes i Kina.