Hopp til innhold

Kåre (71) har spelt snooker i 40 år - men aldri før har han hatt så mange motspelarar

STORD (NRK): Snooker er ein ukjend sport for mange, men blir stadig meir populær. På fem år er talet på snookerklubbar dobla.

Kåre Åsnes speler snooker

EKSPLODERER: Ved Stord snookerklubb viser så mange interesse for sporten at klubben har måtta dobla talet på bord. Veteranen Kåre Åsnes har spelt snooker i 40 år, og no kjem mange unge etter.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det er faktisk veldig artig. Det er litt langdrygt, men spenninga er der heile tida. Og er det jamne spelarar, så er det veldig gøy, seier Kåre Åsnes (71).

Han har spelt snooker i over 40 år, og er eldste medlem i Stord Snookerklubb til helgas regionturnering.

For nokre år sidan begynte den lokale snookerklubben å veksa saman med resten av miljøet i Noreg. Fire av dei sju snookerklubbane i Noreg har kome til i løpet av dei siste fem åra.

Aldri før har snooker vore så stort i Noreg som no, ifølge Biljardforbundet.

– Me håpar dette berre ein god start, og at sporten skal fortsetta å veksa, seier Jörgen Sandman, organisasjonskonsulent i Biljardforbundet.

Veksande miljø

Det finst tre ulike greiner biljard, der snooker er ein av dei. Pool er det spelet som er mest vanleg.

Rundt 200 utøvarar høyrer til dei reine snookerklubbane, Fleirtalet er i 20 til 40-årsalderen. I tillegg finst det biljardklubbar som har både snooker, pool og/eller carambol.

Biljardforbundet reknar med å dobla talet på NM-deltakarar frå i fjor til i år med 50 til 100.

Leiaren i Stord snookerklubb Jan Hervøy trudde aldri snooker kom til å slå så godt an.

Jan Hevrøy

Leiar ved Stord snookerklubb, Jan Hevrøy

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Det viser ser jo at når folk prøver å spela, så finn ein ut at det er fantastisk gøy. Når ein først kan reglane, det er då ein begynner å forstå kor fascinerande spelet er, seier Hevrøy.

– Ein må ha tolmod

Snooker vart oppfunnen av britiske soldatar i India i 1875, og er ein krevjande sport reint teknisk.

– Det er mykje taktikk. Plassering av den kvite kula betyr veldig mykje, seier veteranen Åsnes.

– Har du konkurranseinstinkt?

– Ja, eg har alltid hatt det, men du veks det litt av deg når du passerer 70, seier Åsnes, som skal spela snooker så lenge helsa tillèt det.

– Snooker er heilt annleis enn pool. Det er vanskelegare, og har mindre kuler og trongare hol, seier klubbleiar Hevrøy.

Håpar på å arrangera NM

Biljardforbundet trur sporten vil bli meir populær.

– Det finst mange teikn som tyder på at det blir endå fleire snookerklubbar. Og dei klubbane me har, har ein tendens til å veksa, seier Sandman.

Den store pågangen på Stord har gjort at Stord snookerklubb har dobla talet på biljardbord. Laurdag er det offisiell opning av det nye lokalet.

No håpar Stord Snookerklubb på å få arrangera NM til neste år.