Høgre gjer si dårlegaste bergensmåling på årevis

Annankvar veljar har forsvunne sidan 2013, viser InFact sitt kommunevalbarometer laga for NRK og BA. Arbeidarpartiet er 13 prosentpoeng større enn hovudrivalen på målinga.

Martin Smith-Sivertsen

MISTA VELJARAR: Høgre gjer si dårlegaste meiningsmåling i Bergen på årevis, og har mista annankvar veljar sidan 2013.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er ein veldig merkeleg kjensle, men eg vil ikkje vera trufast mot noko eg ikkje trur på lengre, seier Ingjerd Hatland. Ho har vore trufast mot Bergen Høgre, men vurderer no å skifta side i politikken.

InFact si meiningsmåling for Bergen som er laga på oppdrag for NRK og BA viser at mange bergensarar er i same situasjon.

Berre om lag halvparten av dei som røysta på Høgre i Stortingsvalet for to år sidan, seier at dei ville ha røysta på partiet i dag.

Dårlege tal for Høgre

– Det uroar meg ikkje per i dag, men vi har sjølvsagt ein jobb å gjera og vi har ein valkamp føre oss, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.

Harald Schjelderup

FORANDRING: – Bergensarane er klar for ei forandring og ein ny kurs, seier Harald Schjelderup, Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat.

Foto: Bergen AP

Han må konstatera at målinga er den dårlegaste lokalmålinga Høgre har gjort i Bergen på årevis. Med 23,2 prosent oppslutnad ville åtte av dagens høgrerepresentantar ha mista plassen i bystyret.

– Denne undersøkinga er tatt opp i ein periode der det var litt turbulens i bergenspolitikken. Om vi får fram vår politikk, så trur eg at vi kan henta ned ein del av dei som sit på gjerdet, seier Smith-Sivertsen.

Tabell: Tidlegare Høgre-veljarar:

Om det var kommuneval i morgon, kva parti ville du røysta på da?

Veit ikkje

26,5%

Ap

12,0%

Frp

4,4%

H

53,0%

Krf

1,6%

V

1,3%

SV

Sp

0,3%

Rødt

0,3%

MDG

0,3%

Andre parti

0,3%

*Personar som røysta Høgre ved Stortingsvalet 2013

FÆRRE VELJARAR: Berre om lag halvparten av dei som røysta på Høgre i Stortingsvalet 2013 seier at dei ville ha røysta på partiet i dag.

– Eit teikn på skifte av styre

– Målinga viser eigentleg det vi har sett til no, at bergensarane er klar for ei forandring og ein ny kurs, seier Harald Schjelderup, Arbeidarpartiet sin byrådsleiarkandidat.

Med 36,1 prosent oppslutnad har partiet ifølgje målinga kapra veljarar frå alle andre parti.

– Eg trur det er eit teikn på at veldig mange bergensarar ønskjer eit skifte etter tolv år med blått styre. Det har vore veldig mykje rot og kaos i bergenspolitikken dei siste åra, seier Schelderup.

Usikre veljarar

Lyspunktet til den sittande byrådsleiaren er at ein av fire som røysta Høgre for to år sidan framleis ikkje har bestemt seg på kven dei skal røysta på.

– Når veljarane tenker gjennom kven som kan styra byen, så trur eg dei vil sjå at det ikkje-sosialistisk vil vera det tryggaste for ei god styring av byen også i framtida, seier Smith-Sivertsen.

Byrådsleiar-favoritt

Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet er bergensarane sin favoritt til å verta byrådsleiar i Bergen, viser InFact sitt kommunevalbarometer.

29,2 prosent ønskjer Schjelderup, 19,7 prosentpoeng ønskjer rivalen Martin Smith-Sivertsen frå Høgre, medan halvparten av dei spurde vil ha ein annan kandidat eller er usikre på kven dei ønskjer.