NRK Meny
Normal

Norling: – Bråket gjer ingen skilnad på mitt arbeid

Temperaturen var som venta høg under Vestlandsdebatten i kveld. Brann-trenar Rikard Norling meiner likevel at bråket rundt styret ikkje påverkar førebuingane hans til 1. divisjon.

Rikard Norling og Vibeke Johannessen under Vestlandsdebatten.

Rikard Norling er spent på kor laget står og la til at han og det sportslege apparatet gjer alt dei kan for å førebu laget på best mogleg måte til sesongen i 1. divisjon.

Få ting skapar meir engasjement i Bergen enn Sportsklubben Brann, og det viste seg også på Vestlandsdebatten i kveld.

I panelet for å diskutera situasjonen i Brann knapp tid før 1. divisjon sparkar i gang, var mellom anna Davy Wathne, Kjell Tennfjord og supporterleiar Roger Lillebøe-Hansen i Bataljonen.

Sjå heile debatten:

Vestlandsdebatten fra Kvarteret i Bergen, i samarbeid med Studentersamfunnet i Bergen. 19.mars 2015.

– Gjer ingen skilnad

Årsmøtet i Brann tidlegare i mars sende klubben ut i eit kaos. Seinare har skuldingane rast. Nokre meiner supporterane held klubben igjen på 80-talet. Andre meiner det er supporterane sin fulle rett til å vera med å bestemma kven som skal sitja i styret i Brann.

Det mykje omtala årsmøtet kulminerte i at innvalgt styreleiar Kjell Tennfjord trakk seg fordi han ikkje fekk inn det styret han ønskte seg. Tilropa frå supporterane på møtet var mange.

Kun få veker før seriestarten i 1. divisjon styrer SK Brann utan fastsett fullt styre og utan ein fast dagleg leiar.

– Det gjer ingen skilnad, sa Brann-trenar Rikard Norling under debatten.

– Vi går til vårt arbeid og gjer alt vi kan for å førebu laget til dei kommande kampane. Det blir spennande å sjå kor laget står, sa Norling som la til at dei kjenner på det ekstra presset før sesongen i 1. divisjon.

– Litt spesielt

Konstituert dagleg leiar Vibeke Johannessen innrømma at det er litt spesielt å arbeida på Stadion i ein slik situasjon som klubben er no.

- Sjølvsagt, men det er mange ting som kan gå sin vante gang sjølv om vi ventar på eit fullt styre. Det er ikkje hemmande.

- Det viktigaste vi gjer no er å førebu og få ein god inngang til sesongen.

Beklaga igjen

I kveld snakka Kjell Tennfjord på ny til dei mest lidenskapelege rundt Sportsklubben Brann.

– Eg vil først seie at eg er oppriktig lei meg for det som skjedde, men eg står fritt til å velje å ikkje vere med når eg ikkje får med meg det mannskapet eg ynskjer, sa Tennfjord.

Om kort tid er det duka for ekstraordinært årsmøte i sportsklubben.

– Dårlegast til å utnytte ressursane

Ein av dei som fekk høgast temperatur i panelet var sportsanker og journalist Davy Wathne frå TV2.

– Brann er dårlegast i Noreg til å utnytte naturgitte ressursar, smalt det frå Wathne.

Vestlandsrevyen, 19.03.15

Også Frank Aarebrot hadde tatt turen til Det Akademiske Kvarter i Bergen torsdag kveld for å seie si meining.

– Vi snakkar ikkje om eit lite skiskyttarlag i Eksingedalen. Dykk er supportergjengen, men det betyr ikkje at dykk skal vere i styret.

I salen på Det Akademiske Kvarter var det smekk fullt. Undervegs gjekk debatten på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit