Hopp til innhold

– Engasjementet kan skremma folk vekk frå Brann

Kjell Tennfjord meiner engasjementet rundt Brann gjer at det kan bli vanskeleg for valkomiteen å få tak i dei klubben treng til styre og stell. I kveld møter han supporterane til debatt.

Kjell Tennfjord, Davy Wathne, Frank Aarebrot og supporterleder Roger Lillebøe-Hansen stiller til debatt om sportsklubben Brann på Kvarteret.

Det er to veker sidan Kjell Tennfjord trekte seg som styreleiar fordi han ikkje fekk vald inn heile det styret han ville. I kveld skal han på ny snakke til dei mest lidenskapelege rundt Sportsklubben Brann. Tennfjord seier den einaste agendaen hans er det beste for klubben.

– Dei som stiller benkeforslag ser ikkje totalbiletet på same måte som valkomiteen. Dei held Brann tilbake.

Tennfjord vil ikkje utdjupe nærare kva han meiner supportergrupperingane gjer gale før i kveld.

– Tennfjord har skulda

Roger Lillebøe-Hansen

TIL VESTLANDSDEBATTEN: Leiar for Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, meiner Tennfjord må ta skulda for kaoset på leiarnivå i Brann.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Leiar for Bataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, er samd i at bråket kring årsmøtet ikkje er bra for Brann. Men han meiner Tennfjord sjølv må ta skulda for dette.

– Alt gjekk ryddig for seg til Tennfjord trakk seg. Det var det som skapte kaoset. Vi følgde dei demokratiske spelereglane. Eg trur dei fleste Brann-supporterane legg skulda på Tennfjord.

LES OGSÅ:

Lillebøe-Hansen er ikkje redd for at Brann ikkje skal få kvalifiserte folk til styret. Han trur det framleis er attraktive posisjoner for mange.

Kun positive tilbakemeldingar

Kjell Tennfjord

TIL VESTLANDSDEBATTEN: Kjell Tennfjord fortel at han berre får positive tilbakemeldingar etter at han trakk seg som styreleiar i Brann.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kjell Tennfjord seier han nesten berre har fått positive tilbakemeldingar etter årsmøtet.

– Eg får gå i fred på gata i Bergen. Men det blir nok ikkje turar på Fotballpuben med det første. Å møte supporterane i kveld er eg ikkje uroa for.

LES OGSÅ: – Brann har latt oppvasken stå til noen andre, men så dukket ikke de som skulle ta oppvasken opp

Heller ikkje supporterleiar Lillebøe-Hansen trur Tennfjord treng frykte for møtet.

– Sjølv om Tennfjord vert oppfatta som arrogant er vi opptekne av eit konstruktivt møte.

Tennfjord, Wathne, Aarebrot

Det er mange som har sterke kjensler, og sterke meiningar, om Brann. På debatt på Det Akademiske Kvarter i kveld kjem:

  • Kjell Tennfjord
  • Roger Lillebøe-Hansen
  • Davy Wathne
  • Stortingsrepresentant og Brann-medlem Erik Skutle
  • Fotballskribent Lars Johnsen
  • Frank Aarebrot

Og så kjem Brann-trenar Rikard Norling og konstituert dagleg leiar Vibeke Johannessen for å gjere greie for situasjonen i klubben rett før seriestart.