Her stoppa sykkelsatsinga opp

BERGEN SENTRUM (NRK): Ei linje med brustein markerer der sykkelsatsinga ikkje kom vidare. Etter åtte år er dette eitt av mange mål bypolitikarane ikkje har kome i mål med.

Sykkelfelt Grieghallen

FULL STOPP: For åtte år sidan vedtok bystyret samanhengande sykkelveg gjennom Bergen sentrum. Framleis stoppar den her mellom Grieghallen og Lille Lungegårdsvann.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Bergen er milevis unna å nå sykkelmåla byen har sett seg, vedgår bystyrepolitikarane. For nøyaktig åtte år sidan vedtok bystyret «Sykkelstrategi for Bergen 2010-2019» med tre klare mål.

  • I Bergen skal det vera attraktivt og trygt å sykla for alle.
  • Innan 2019 skal sykkelandelen i Bergen auka til minst ti prosent av alle reiser.
  • Hovudvegnettet for sykkel skal vera ferdig utbygd innan 2019.

– Utopisk

– At me skal klara dette innan neste år er ein utopi, seier Lillan Blom i SV.

– Ingen av måla er oppnådd, eller vil bli det innan 2019, vedgår byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti i Arbeidarpartiet.

Sondre Båtstrand frå Miljøpartiet dei grøne meiner dette er flaut for bergenspolitikarane.

– I 20 år har Bergen hatt ambisiøse sykkelplanar som ikkje gjennomført. Det er veldig frustrerande at så lite skjer.

Sykkelfelt Bergen Petter Larsen

LØGN: – Politikarar lovar og lyg. Det blir ikkje noko av ambisjonane, seier Petter Larsson, som ofte er redd for å bli påkøyrd bakfrå.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Like få syklistar

Ved dei åtte målepunkta der ein tel sykkelpasseringar er talet på syklistar nesten uendra sidan 2010.

Bergen har den lågaste sykkelandelen av storbyane i landet: 2-3 prosent.

– Ein må passa seg godt. Eg syklar mykje på fortauet for ikkje å bli påkøyrd bakfrå. Politikarar lovar og lyg. Det blir ikkje noko av ambisjonane, seier Petter Larsson.

Anna Elisa Tryti

IKKJE I MÅL MED MÅLA: – Ikkje oppnådd, ikkje oppnådd, ikkje oppnådd, og me klarar det ikkje, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti om dei tre hovudmåla for 2019 som bystyret vedtok i 2010.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I 2010 lova politikarane mellom anna at det skulle bli ein samanhengande sykkeltrasé gjennom bykjernen innan 2019.

Traséen som stoppa

I dag – åtte år seinare – sluttar merkinga sør for sentrum i Rasmus Meyers Allé mellom Grieghallen og Lille Lungegårdsvann. På andre sida av sentrum stoppar sykkelvegen i Skuteviken nord for Bryggen og Koengen.

– Gjennom sentrum, på Torget og Torgallmenningen syklar folk på kryss og tvers overalt fordi ingen veit kvar ein skal sykla, seier Båtstrand.

Byråd Anna Elisa Tryti fryktar utbygginga framleis kan ta mange år.

– I denne vakre, tronge mellomalderbyen mellom fjella er det vanskeleg å få ein samanhengande sykkelveg der me samstundes har så mykje biltrafikk.

Ho understrekar likevel at fartsgrensa på 30 km/t gjer det fullt mogleg å sykla i sentrum utan eigne traséar.

Sykkelfelt Grieghallen Bergen sentrum

TIL MONGSTAD: Skiltet hevdar at dette er syklistane sin veg til Mongstad, som er 7 mil unna, men sykkelvegen stoppar hundre meter lenger framme.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Pinleg

Tryti viser også til at i år blir det bygd sykkelveg over Mindemyren, sykkelbru ved AdO Arena, sykkelfelt i Strandgaten, sykkelveg i Bjørgeveien, og at Øvregaten skal kunne syklast begge vegar.

Byen skal også få verdas lengste sykkeltunnel – på tre kilometer – parallelt med ny bybanetrasé til Fyllingsdalen.

– Men eg er ikkje nøgd med heilskapen eller sykkelandelen. Me har verkeleg ein jobb å gjera for sykling i Bergen.

Helge Stormoen frå Framstegspartiet seier også høgresida må ta mykje ansvar for at det er pinleg å evaluera Bergens sykkelstrategi.

– Med enkle verkemiddel kunna me heva sykkelandelen frå to til ti prosent.

Quick-Step på vei opp Birkelundsbakken under lagtempoetappen

JUMBO TRASS I VM: Sykkel-VM i Bergen 2017 vart ein folkefest, men tilrettelegginga for den daglege syklinga i byen går sakte, vedgår politikarane.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK

Syklistane NRK møter gatelangs i Bergen meiner at tilhøva har vorte betre for syklistane i byen, men at utviklinga går alt for sakte.

– Dette er ikkje bra. Dei må skjerpa seg og tenka større.