Hopp til innhold

Her flamberer dei fjeset ditt

Flambering av mat er det mange som kjenner til, men har du nokon gong vurdert å «flambere» vekk ansiktshår?

FREISTANDE? Flambering av hår kan bli den neste trenden.

– No skal alle øyrehåra vekk! seier Anne Steen Hansen medan ho ler.

Ho er leiar for hudpleie- og frisørsalongen Face it i Bergen, ein tilsynelatande vanleg salong.

Frisør Onur Sumer byrjar med å barbere kunden med barberingskniv. Etter at han har vaska av barberingsskummet, brukar han ein teknikk som heiter «threading». Her lagar han ei løkke av bomullshyssing som han brukar til å nappe ut ansiktshåra.

– På denne måten kjem ein djupt inn i huda og får nappe ut hår som nærast ligg under huda, seier Hansen.

Threading av ansiktshår

NAPPAR: Mehmet Dogan får utført threading i ansiktet. Denne teknikken skal ta med heile hårrota slik at det veks treigare ut igjen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Det er når denne prosessen er over at det verkeleg tek fyr, bokstavleg talt.

Dei brukar ein tyrkisk teknikk: Levande flammar dansar leikent mot øyra og kinna til kunden. Sumer slår flammane i raske og lette slag mot huda. Barbering med flammar, eller flambering, handlar om ein hårfin balanse. Ein må halde flammane mot huda lenge nok til at dei brenner hår, men ikkje så lenge at dei brenner hud.

– Ein må vite kva ein gjer, viss ikkje kan det vere farleg, seier Hansen.

Flambering av øyrehår

I ARBEID: Frisør Onur Sumer flamberer vekk øyrehåra til Mehmet Dogan.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Strigla og velstelte

Hansen seier at mange menn har litt hår på øyra og er tilhengjar av at alt overflødig hår må vekk.

– Det å ha rette linjer i augnebryn og i skjegget gir eit maskulint uttrykk, seier Hansen.

Hansen trur at dette er ein trend som kjem til å bli meir vanleg i Noreg. Ho erfarer at menn i aukande grad byrjar å bli opptekne av å sjå velstelte ut.

Anne Steen Hansen

MASKULINT: Leiar Anne Steen Hansen synest menn får eit meir maskulint uttrykk når dei fjernar overflødig hår og har rette linjer i skjegget.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Ikkje vondt

Kristoffer Valsvik har vore fast kunde hos Face it i fleire år. Han har trua på teknikken og synest det er meir skånsamt for huda. Og sjølv om teknikken ser skremmande ut, så er det ifølgje Kvalsvik ingenting å vere redd for.

– Det er ikkje vondt i det heile tatt, seier han.