Hopp til innhold

Helsebyråden lovar å auke bemanninga i barnevernet

Alvorleg kapasitetssvikt avdekka i barnevernet i Bergen. Valdsutsette barn måtte venta i månadar før nokon fekk sett på sakene deira. – Kompetansen må hevast.

Helsebyråd Rebekka Ljosland i KrF Bergen

LOVNAD: Rebekka Ljosland (KrF) vil auka bemanninga

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg vil at barn i Bergen skal vite at dei får hjelpa dei skal ha. Då ser eg at vi treng både kompetanseheving og høgare bemanning i barnevernet, seier helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF).

NRK fortalde i førre veke om dei årelange problema i barnevernet i Årstad bydel i Bergen. Barnevernssjefen slo alarm allereie i 2012.

Meldingar om barn som hadde vore utsette for omsorgssvikt og grov vald hopa seg opp. Kapasiteten var sprengd. Fem år og to tilsynssaker seinare hadde lite skjedd:

  • Fylkesmannen fann fem saker der barnevernstenesta hadde vurdert det slik at barn lever med omsorgssvikt. Dei kunne ikkje visa til at det hadde vorte gjort tiltak.
  • I sju saker hadde barnevernet fått alvorlege meldingar om vald, der det tok meir enn ein månad før undersøkingar blei sette i verk.

Orienterte helsekomiteen

Fylkeslege Helge Arianson var knallhard i kritikken mot Bergen kommune.

– Kommunen bør seia unnskyld, fordi dei har svikta sine eigne barn, sa Arianson opprørt til NRK i førre veke.

Onsdag kveld vart saka behandla i helsekomiteen.

Leiinga i barnevernet i Bergen var på plass og informerte politikarane om stoda. Dei garanterte at det kvar veke no vert undersøkt at saker vert fordelt til saksbehandlarar, slik lova krev.

Helsebyråden følgde opp og lova å koma tilbake til bystyret med ei styrka satsing på barnevernet.

– Avgjerdsgrunnlaget vi har i dag er annleis enn det vi har hatt tidlegare. Eg vil at barnevernet skal få enno betre kapasitet til å gjere raskare undersøkingar, slik at barna i Bergen skal ha det enno betre, seier Ljosland.

Barnevernet i Årstad bydel i Bergen

SPRENGD KAPASITET: Saker har blitt liggande i månadsvis hjå barnevernet i Årstad bydel i Bergen.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Ein vekkar

Jana Midelfart Hoff (H) er glad for løfta frå Ljosland. Ho seier ho har vore skaka over det som har kome fram i tilsynsrapportane frå fylkesmannen.

– Vi har vore og er framleis uroa. Det gledelege er at byråden så tydeleg signaliserer ein ny kurs.

Torstein Dahle (Raudt) var politikaren som løfta opp saka. Også han er letta over at helsebyråden no lovar auka kapasiteten.

Dahle seier engasjementet frå politikarane har vore større enn det plar å vera i slike saker.

– Dette har vore ein vekkar. Det har vore viktig at fleire detaljar har kome på bordet og at media har følgt opp og gitt sakene merksemd, seier Dahle.

Torstein Dahle i Rødt

LØFTA SAKA: Torstein Dahle (R) fekk tatt opp tilsynssakene i barnevernet i helsekomiteen.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix