Hopp til innhold

Årelange problem i barnevernet: Mishandla barn måtte venta i månadsvis

BERGEN (NRK): Barnevernssjefen varsla i 2012 om at kapasiteten var sprengt. Fem år og to tilsyn seinare får valdsutsette barn framleis ikkje hjelpa dei har krav på.

Barnevernet i Årstad bydel i Bergen

FLEIRE AVVIK: Barnevernet sitt kontor her på Årstad meinte barn var utsette for omsorgssvikt – utan at dei sette i verk noko tiltak.

Foto: Cato Kristensen / NRK

– Eg trur aldri eg har opplevd noko liknande i mi tid som politikar, seier leiar i helsekomiteen i Bergen, Oddny Miljeteig (SV).

I 2012 slo barnevernssjefen ved Årstad barnevernsteneste i Bergen alarm: Meldingar om barn som hadde vore utsette for omsorgssvikt og grov vald hopa seg opp. I ein periode på tre månader rakk ikkje saksbehandlarane å starta på ei einaste ny sak.

Kapasiteten var fullstendig sprengd.

Byrådet blei orientert, men problema vart ikkje rydda opp i. Halvanna år seinare avdekte fylkesmannen på ny at saker om valdsutsette barn måtte venta i månadsvis.

Kommunen lova bot og betring og til slutt blei avviket ordna opp i.

36 saker blei ikkje undersøkte

Men så, i fjor: Fem år etter at barnevernssjefen for første gong varsla leiinga, kom Fylkesmannen på eit nytt tilsyn.

Nok ein gong vart det avdekt praksis i strid med lovverket. Kapasitetsproblema var ikkje løyst.

– Tilsyn etter tilsyn kjem, og gong på gong seier kommunen at dei tek dette på alvor. Ingenting skjer. Denne runddansen må ta slutt, seier varaordførar i Bergen og nestleiar i helsekomiteen, Marita Moltu (KrF).

Under tilsynet i 2014 avdekte Fylkesmannen store kapasitetsproblem ved barnevernsetaten.

  • Saker som omhandla i alt 36 barn hadde vorte liggande utan å verta undersøkte. Fleire av sakene dreidde seg om grov vald mot barn.
  • Fleire av sakene hadde blitt liggande i opp til tre månader utan å verta undersøkte.
  • Barnevernet hadde ikkje konkludert i saker som gjaldt fem barn. At det mangla konklusjon i desse sakene, var ikkje fanga opp.
  • Tilsette opplyste at det berre unntaksvis blei skrive undersøkingsrapportar.

Då Fylkesmannen i 2017 kom på tilsynsbesøk, blei det igjen ulovlege forhold.

  • I gjennomgangen fann Fylkesmannen fem saker der barnevernstenesta hadde vurdert det slik at barn lever med omsorgssvikt. Men dei kunne ikkje visa til at det hadde vorte gjort noko tiltak.
  • I sju saker hadde barnevernet fått alvorlege meldingar om vald, der det tok meir enn ein månad frå meldinga kom inn til undersøkingar blei sette i verk.
  • Det blei òg orientert om at avdelingsleiarane ikkje hadde tid til å rettleia dei tilsette, og at dette utgjorde ein risiko i arbeidet med undersøkingar.
Oddny Miljeteig

– Problema er til å bli på gråten av, seier Oddny Miljeteig i SV.

Foto: NRK

– Eit mønster som bekymrar

– Eg har lenge vore uroa for systemet, fordi eg har sett tilsyn etter tilsyn som kjem med dei same avvikstypane. Dei utgjer eit mønster som bekymrar meg, seier varaordførar og nestleiar i helsekomiteen, Marita Moltu (KrF).

Ho meiner fleire byråd som har styrt i Bergen må dela på ansvaret for situasjonen.

Fylkesmannen poengterer dei same utfordringane i rapportane frå 2014 og 2017. Dei samsvarar med den første uromeldinga frå barnevernssjefen i 2012.

Altså, meir enn fem år etter barnevernssjefen sitt rop om hjelp var kapasitetsproblema framleis prekære.

– Tilsynsrapportane er til å bli på gråten av. Eg kan berre førestilla meg kor vanvitig det må vera for dei som skal jobba i tenestene og veit at det går barn som lir sterkt, seier Miljeteig.

Helsebyråden: – Forstår at det verkar merkeleg

– Det er veldig alvorleg og beklageleg at ein over tid ikkje har klart å læra av dei feila ein har gjort, seier fungerande helsebyråd i Bergen, Erlend Horn (V).

Han ser djupt alvorleg på at problema har gått utover hjelpa til dei utsette barna i fem år. Ingen har greidd å ta fullgode grep.

Byråd Erlend Horn (V)

– Eg forstår godt at dette står fram som merkeleg, seier Erlend Horn.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg skjønar veldig godt at det står fram som merkeleg. Det me kan gjera er å sørga for at tilsynet som blei ordna opp i ved årsskiftet, ikkje skjer igjen. Me er opptekne av å læra av det som har skjedd.

Like før jul avslutta Fylkesmannen tilsynet, sjølv om ikkje alle tiltaka var sette i verk.

– Me har ikkje hatt nok ressursar til å sørga for at ting blir sett i verk i tide. Det har heller ikkje vore gode nok rutinar på skriva ned dei tiltaka som blir gjort undervegs, seier Horn.

Byråden forstår at enkelte no stiller spørsmålsteikn ved om byrådet kan snu trenden, etter at kommunen allereie har svikta to gongar.

– Det forstår eg. Me er no midt i ei omorganisering av barnevernsetaten og har blant anna styrka kapasiteten i Årstad med éi stilling.

Torstein Dahle

– IKKJE TILLIT: Torstein Dahle frå Raudt reagerer på at bystyret ikkje har vore varsla undervegs.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Bystyret blei ikkje informert

Men sjølv om byrådet har vore klar over problemet, har bystyret vore lukkeleg uvitande fram til tilsynet vart lukka. Det har også komiteen som har ansvar for feltet.

Torstein Dale (Raudt) kritiserer byrådet for ikkje å ha informert om problema. Han har sørga for at kapasitetsproblema, og svikten i handteringa, kjem opp som eiga sak på neste møte i helsekomiteen.

– Dette er veldig alvorleg for dei barna som er heilt avhengige av at barnevernstenesta gjer det ho skal, seier Dale.

Han har ikkje lenger tiltru til at kommunen skal ta dei retta grepa.

– Eg har ikkje tillit til det. Det har dei også sagt før, utan at det blei slik.