Hopp til innhold

Fylkeslegen knallhardt ut mot Bergen kommune: – Bør beklaga overfor barna

Kommunen svarar med at heile barnevernsleiinga er skifta ut etter at utsette barn måtte venta i månadsvis på hjelp.

Fylkeslege Helga Arianson i Hordaland

OPPRØRT: Helga Arianson har vore fylkeslege i Hordaland sidan 1998. Ho er opprørt og fortvila over neglisjeringa barn i Bergen har vorte utsett for.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fylkeslegen i Hordaland refsar Bergen kommune for at dei ikkje tidlegare tok grep om dei store kapasitetsproblema i barnevernet.

– Eg er opprørt på vegner av desse barna.

Arianson har vore fylkeslege i 20 år og leia tilsynet i den såkalla «Glassjentasaka» i 2016. Ho meiner mykje av det tilsyna i Bergen har avdekt, vitnar om ei ansvarsfråskriving av dei mest sårbare innbyggarane i kommunen.

– Saka om «Glassjenta» var éi sak. Her har me mange saker. Me kan rett og slett ikkje ha det sånn, seier ein opprørt fylkeslege til NRK.

Arianson meiner kommunen bør beklaga til dei barna som vart råka av at barnevernet ikkje hadde kapasitet til å hjelpa før etter tre månader.

– Kommunen bør heilt klart seia unnskyld, fordi dei har svikta sine eigne barn, seier ein opprørt fylkeslege til NRK.

Barnevernet Årstad

SAKAS KJERNE: Det er ved barnevernstenesta i Årstad bydel kapasitetsproblema hopa seg opp. Kommunen viser til at ei omorganisering og ny leiing skal betra situasjonen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Førte tilsyn med uvanleg kort mellomrom

Mellom manglane som blei påpeikte under Fylkesmannen sine tilsyn i 2014 og 2017, var desse:

  • Fylkesmannen fann i 2017 fem saker der barnevernstenesta hadde vurdert det slik at barn lever med omsorgssvikt. Men dei kunne ikkje visa til at det hadde vorte gjort noko tiltak.
  • I sju saker hadde barnevernet fått alvorlege meldingar om vald, der det tok meir enn ein månad frå meldinga kom inn til undersøkingar blei sette i verk.
  • Under tilsynet i 2014 fann Fylkesmannen saker som omhandla i alt 36 barn, som hadde vorte liggande utan å verta undersøkte. Fleire av sakene dreidde seg om grov vald mot barn.
  • I tilsynet frå i fjor kom det fram at det ikkje er klart for saksbehandlarane korleis barna sine synspunkt skal vurderast som ein del av saka. Det er heller ikkje tatt stilling til korleis barna skal få tilbakemelding om korleis deira synspunkt er vurdert.

– Eg trur aldri eg har opplevd noko liknande i mi tid som politikar, sa leiar i helsekomiteen i Bergen, Oddny Miljeteig (SV), etter å ha gått gjennom dokumenta.

– Har stolt for mykje på kommunen

Til NRK fortel fylkeslege Helga Arianson at dei to tilsyna i 2014 og 2017 kom uvanleg tett, fordi Fylkesmannen mistenkte at tenesta ikkje fungerte slik ho skulle.

– Korleis barnevernet kunne svikta over så mange år, er eitt av spørsmåla det er viktig å få svar på. Me skal føra tilsyn med kommunane, men det er deira store ansvar å sørga for at det er nok folk på jobb og at dei som jobbar der har den kompetansen dei treng, seier Arianson.

Fylkeslegen seier dei gjekk gjennom handlingsplanar i detalj med leiinga i administrasjonen, men tilsynsrapporten blei aldri lagt fram for dei folkevalde i bystyret.

– Det vanlege er at politikarane blir orienterte av sin eigen administrasjon. Spørsmålet er om me skulle ha ført dette til politisk nivå sjølve.

– Tre år etter det første tilsynet var hovudkonklusjonen den same då de førte tilsyn i fjor. Har de stolt for mykje på kommunen?

– Det kan godt vera at me har det.

Rebekka Ljosland

BEKLAGAR: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) vedgår at Bergen kommune har svikta. – Arbeidet framover ser annleis ut enn det som er gjort før.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Har bytta ut heile leiinga

Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) seier ho ikkje kan svara for kva vurderingar det førre byrådet gjorde då tilsynssaka i 2014 hamna på byrådet sin pult. Då tilsynet mot barnevernsetaten blei opna i 2017 var det Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) som vikarierte medan Ljosland var i permisjon.

– På vegner av kommunen kan eg berre seia at det er sett i verk veldig omfattande systematiske endringar. Arbeidet framover ser annleis ut enn det som blei gjort frå uromeldinga kom i 2012.

Helsebyråden seier at det ikkje herskar tvil om at barnevernstenesta i Årstad har svikta.

– Sjølvsagt vil me beklaga at Bergen kommune frå 2012 ikkje har gitt alle barna god nok hjelp til rett tidspunkt, seier Ljosland.

Det siste året har heile Etat for barn og familie gått gjennom ei omfattande omorganisering. Talet på einingar er reduserte frå åtte til fire.

– Tenesta i Årstad har fått ny barnevernssjef, etaten har fått ny direktør og det er jobba systematisk med betre internkontroll av det arbeidet som blir gjort. Ein har ikkje vore gode nok til å følga opp uromeldingar og ein har ikkje godt nok dokumentert kva som blir gjort. Det siste er avgjerande for at me skal kunna gi barna den hjelpa dei treng.

– Reknar med kommunen no følger opp

Torstein Dahle (Raudt) har overfor NRK uttrykt mistillit til at byrådet kan ordna opp. I tilsynsrapporten seier Fylkesmannen seg nøgd med tiltaka kommune har sett i verk til no.

Helga Arianson

TAR SJØLVKRITIKK: I ettertid meiner Fylkeslegen at ho sjølv burde ha teke tilsynsrapporten frå 2014 til politikarane i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det stadfestar også Arianson.

– Eg forstår at politikarane tar tak i dette og eg har tillit til at dei no ordnar opp. Eg reknar med at både den administrative og politiske leiinga følger opp etter den merksemda saka no har fått.

Kommunen har òg sett ned ei kvalitetseining, som skal jobba med å handtera avvik og internkontroll, fortel helsebyråden.

– Eg kan aldri garantera at menneskeleg svikt ikkje skjer, men med dei store grepa som er sett i verk, har eg tillit til at barnevernet vil vera betre rusta i tida som kjem, seier Ljosland.