NRK Meny
Normal

Gjenskapar 70 år gamal nazi-utstilling

KODE i Bergen opnar utstilling som syner eit mørkt kapittel i norsk og europeisk kunsthistorie.

KODE i Bergen opnar utstilling som syner eit mørkt kapitel i norsk og europeisk kunsthistorie.

SJÅ VIDEO: Museet KODE i Bergen opnar i helga utstillinga "Kunst i kamp", som delvis rekonstruerer ei utstilling nazistane hadde ved fleire kunstinstitusjonar i Noreg under andre verdskrig.

Fredag opnar museet Kode i Bergen dørene til eit mørkt kapittel i europeisk kunsthistorie. Det var i åra 1942 og 1943 at utstillinga «Kunst og ukunst» vart synt fram ved utvalde kunstinstitusjonar i Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen.

I eit okkupert Norge tok nazistane alle verktøy i bruk, også kunstinstitusjonar, for å fremje sin ideologiske kamp under andre verdskrig. Utstillinga skulle lære nordmenn skilnaden på god og dårleg kunst – sett med nazistane sine auge.

No viser KODE i Bergen fram deler av den over 70 år gamle nazi-utstillinga på nytt med utstillinga «Kunst i kamp».

Albert Janesch (1889-1973) Vannsport, 1936 Deutsches Historisches Museum, Berlin

VERT STILT UT: Albert Janesch (1889-1973) - Vannsport. 1936 Deutsches Historisches Museum, Berlin.

Foto: Arne Psille / DHM

God kunst og dårleg kunst

Ifølge nazistane var bilete av muskuløse kroppar og vakker natur var bra – moderne kunst var ifølge dei degenerert og måtte fjernast frå museumssamlingane.

– Det vi har her er ei rekkje eksempel på kva nazistane såg på som veldig god kunst og det nazistane såg på som heilt forferdeleg kunst, forklarer museumsdirektør Karen Hindsbo medan ho syner NRK rundt i den nye utstillinga som opnar fredag.

  • Sjå bilete frå utstillinga i videovindauget øvst i saka!

– Dette er ein periode i Norges historie som vi ikkje har så lyst til å snakke om i dag, men som vi bør snakke om, legg Hindsbo til.

Ideologisk kamp

Arthur Kampf (1864-1950) Jomfruen fra Hemmingstedt, 1939 Deutsches Historisches Museum, Berlin

VERT STILT UT: Arthur Kampf (1864-1950) - Jomfruen fra Hemmingstedt. 1939 Deutsches Historisches Museum, Berlin.

Foto: Arne Psille / DHM

Kunsten spelte ei viktig rolle i nazistane sitt omfattande propagandaapparat. Også i dag ser ein at kunsten er ein effektiv reiskap i politisk kamp. IS sine øydeleggingar av kunstskattar er berre eitt eksempel.

– Vi er litt naive når det gjeld å forstå kor kraftfull eit bilete eigentleg er. Derfor trur eg kunsten har så utruleg mykje å by på no, for det kan hjelpe oss til betre forståing. Det meiner eg denne utstillinga er eitt eksempel på.

«Kunst i kamp» er eit samarbeid mellom KODE og forskingsprosjektet «Modernism and Christianity» ved Universitetet i Bergen. Utstillinga vil stå til februar 2016.

Arthur Kampfs «Jomfruen fra Hemmingstedt» vart synt fram på utstillinga «Stor tysk kunst» i München i 1939. Maleriet var innkjøpt av Adolf Hitler. Etter andre verdskrig vart dette maleriet og ei rekke andre kunstverkt, beslaglagt av amerikanske styrker. Først på 60-talet vart det tilbakeført til Tyskland.

Siste video

.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.
Kunstnere med julekalender i flere norske byer i desember.