Hopp til innhold

Gir opp jakta på rømt oppdrettslaks

Fiskeridirektoratet har ikkje funne ut kva oppdrettsanlegg den rømte fisken i Hardangerfjorden stammar frå. No avsluttar dei leitinga.

Hardangerfjorden frå Krokavatn

HARDANGERFJORDEN: Ingen kan svare på kvar fisken som rømte ut i fjorden, stammar frå.

Foto: SinWin / Wikipedia/CC

Etter å ha undersøkt den rømte laksen og vassdraga, samt henta inn informasjon frå oppdrettsanlegga i området, er kjelda til juli-rømminga i Hardanger framleis ukjent. Ingen av oppdrettarane har heller tatt på seg skulda for den rømte laksen.

No har direktoratet bestemt at det ikkje vil bli gjort fleire undersøkingar for å finne rømmingskjelda.

– Det er så mange potensielle kjelder at me ikkje ser det som mogleg å finne ut av kvar fisken kjem frå, seier regiondirektør i Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen.

LES OGSÅ: Prøver å løse laksemysterium i Hardanger

Gjer det vanskeleg å førebyggje nye rømmingar

Over 70 rømte oppdrettslaksar blei henta opp frå Hardangerfjorden i juli. Fiskeridirektoratet slo etter kvart fast at fisken stammar frå eitt og same anlegg, og at den nyleg har rømt.

Vidar Ulriksen

Regiondirektør i Fiskeridirektoratet, Vidar Ulriksen.

Det er alvorleg at fisk har rømt utan at oppdrettarar har meldt frå, eventuelt utan at dei veit at dei har hatt ei rømming, seier Ulriksen.

– Fisken skal vere i merdane og ikkje rømme der ifrå. Det er like gale om den er komme ut utan at det er registrert, som at dei eventuelt ikkje har meldt frå.

Ifølgje Fiskeridirektoratet er det problematisk at kjelda til rømminga blir verande ukjent, fordi ein då ikkje kan ta lærdom av årsaka for å førebyggje nye hendingar. Ingen blir stilt til ansvar og heile eller deler av næringa vert mistenkeleggjort.

Vil bruke ressursar på førebygging

Rømt oppdrettslaks fanget i Etne

RØMT: Denne rømte fisken blei fanga i Etne.

Foto: Havforskningsinsituttet

Fiskeridirektoratet meiner det riktige no er å bruke ressursane på planlagde tilsyn og å følgje opp oppdrettsanlegg som har hatt rømmingar.

Har de gjort nok for å finne kjelda?

– Me har gjort veldig mykje. Men me har nesten 200 potensielle nøter fisken kan ha komme frå og då vert det vanskeleg, seier Ulriksen.

Fiskeridirektoratet vil halde fram med å overvake vassdraga og eventuelt gjere utfisking av den rømte fisken før den blir gyteklar i løpet av oktober/november.