Hopp til innhold

Ingen tar skulda for mystisk lakserømming

Oppdrettslaks funnen i over 100 kilometer lang fjordstrekning, men ingen tar ansvar. No set Fiskeridirektoratet i verk tiltak for å avgrense skadane.

Rømt oppdrettslaks fanget i Etne

MYSTISK FANGST: Desse oppdrettslaksane blei fanget i ei laksefelle i Etne, men ingen vet kva for eit anlegg de stammer frå.

Foto: Havforskningsinsituttet

Rundt 60 rømte oppdrettslaks er fanga fleire stader i Hardangerfjorden i løpet av den siste veka. Mange av fiskane er på mellom fire og åtte kilo, og er fanga i eit større område mellom Etne og Granvin.

Onsdag skulle alle oppdrettsanlegg i området melde frå om dei hadde hatt ei rømming.

– Me har fått tilbakemelding frå alle, men ingen meiner dei har hatt ei rømming. Laksen har nok rømt frå eit anlegg, men me veit ikkje om nokon kjenner til dette, eller om det har skjedd utan at nokon veit om det, seier Hans Haddal i Fiskeridirektoratet.

Direktoratet omtalar situasjonen som «alvorleg», og set fredag i verk ei kartlegging for å finne ut om den rømte fisken trekker opp i laksevassdraga langs fjordane.

– Stammar ikkje frå Nina-rømminga

Vidar Børretzen

Leiar i Etne elveeigarlag, Vidar Børretzen.

Foto: Egil Torheim / NRK
Rømt oppdrettslaks

RØMT: Fisken må analyserast for å finne ut kor tid rømminga stammer frå, meiner fagforeininga Sjømat Norge.

Foto: Havforskningsinsituttet

Under ekstremvêret Nina rømte 150.000 fisk frå oppdrettsanlegg i Hordaland. Ifølgje Fiskeridirektoratet kan fisken som no er fanga ikkje setjast i samanheng med desse rømmingane, eller sporast tilbake til kjente rømmingar den siste tida.

Vidar Børretzen i Etne elveeigarlag er frustrert over at ingen har tatt ansvar for fisken.

– Det er veldig skuffande, og det stadfestar at rømmingssituasjonen er heilt ute av kontroll. Dei har ikkje oversikt over kva dei har, og dei har ikkje oversikt over situasjonen i eigne anlegg, meiner Børretzen.

LES OGSÅ: – Dette er et spahotell for laks

– 99,9 prosent av fisken rømmer ikkje

Are Kvistad i fagforeininga for fiskeri- og havbruksnæringa, Sjømat Norge, avviser at situasjonen ved oppdrettsanlegga er ute av kontroll.

Are Kvistad

Are Kvistad, kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge.

Foto: FHL, pressefoto

– Nei, sjølvsagt er den ikkje det. 99,9 prosent av fisken rømmer ikkje. Det er beklageleg, målet er null rømmingar, men eg er sikker på at oppdrettarane held fram undersøkingar for å sjå om dei har skade på ei not som gjer at fisken har rømt, seier Kvistad.

Han meiner mageinnhaldet på fisken må analyserast før ein veit sikkert om den stammar frå ei ny rømming, eller om den har vore i sjøen ei stund.

LES OGSÅ: – Villfisken er helt forduftet

– Trenger lukka anlegg

Børretzen fryktar at fisken skal blande seg med villfisken som lever i elvane rundt Hardangerfjorden, og er særleg uroa fordi dette er stor fisk som blir gytemoden til hausten.

– For å hindre rømmingar må ein få lukka anlegg. Men før den tid kan ein merke og spore all oppdrettsfisk. Den metoden er kjent, og det er ei enkel sak, seier han.

Kvistad seier næringa jobbar med å finne eit system som gjer det mogleg å spore fisk tilbake til ansvarleg anlegg.

– Det blir gjort forsøk på dette. Utfordringa er å finne eit system som kan bli tatt i bruk av heile næringa langs heile kysten.

Fiskeridirektoratet oppmodar publikum om å melde inn fangst og observasjonar til sin døgnopne vaktsentral på telefon 03415.

LES OGSÅ: Ville du spist denne fisken?