Hopp til innhold

Gigantunderskotet i sykkel-VM: – Total mangel på kompetanse

– Den mest ekstreme arrangementsavviklinga me har sett, seier Øyvind Storheim i Kulturoperatørene.

Øyvind Storheim

SLAKTAR VM-LEIINGA: Øyvind Storheim i Kulturoperatørene er ikke imponert over VM-arrangørane.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Etter at gigantunderskotet blei gjort kjend torsdag, teiknar fleire av dei nær hundre kreditorane eit bilete av eit arrangørselskap som måtte gjera tunge investeringar kort tid før VM.

– I alle åra me har drive i bransjen, er dette det mest ekstreme me har sett, seier partnar i Kulturoperatørene, Øyvind Storheim.

Selskapet er eitt av dei største arrangementsselskapa på Vestlandet, og hadde ei sentral rolle som leverandør og kulturansvarleg under VM.

Storheim meiner dårleg planlegging og mange uføresette utgifter tett opp mot VM-arrangementet, gjorde underskotet unødvendig stort.

– Lampane blinka eit halvt år før

– Det mangla heilt vitale ting. Aktørar måtte ta på seg nye oppgåver for at ikkje VM skulle gå over ende. Det enorme underskotet viser ein total mangel på arrangementskompetanse, meiner Storheim.

For Kulturoperatørene var det krevjande å sikra at selskapet sin økonomi ikkje ville bli skadelidande.

Ingunn Ek, partner i Kulturoperatørene

IKKJE OVERRASKA: Ingunn Ek i Kulturoperatørane er ikkje overraska over underskotet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Allereie eit halvt år før VM blinka alle varsellampane, då me såg svikten i sponsorinntektene. Me bad om førehandsbetaling på alt som blei bestilt, men det var uråd når VM var i gang og ei mengd tilleggsbestillingar kom på kort varsel, fortel Ingunn Ek, som var prosjektleiar for Kulturoperatørene sitt kundeforhold med VM-arrangøren.

– Hårreisande

– Det er vel ingen som har vore involvert i dette prosjektet som er overraska, seier salssjef Jørgen Molvik i Molvik Grafiske AS.

Like før opningshelga fekk selskapet ei omfattande bestilling om å mellom anna trykke det offisielle VM-programmet.

– Det hadde vore flaut om VM i Bergen blei det første utan eit offisielt program, men det er klart; reint kostnadsmessig var det ein stor bestilling. Den kunne ha vore redusert, seier Molvik.

Sykkel-VM på Bryggen i Bergen
Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Arrangement Tjenester leverte telt, møblar og anna utstyr til VM. Ifølge eigar og dagleg leiar Tom Ingebrigtsen har selskapet uteståande 350.000 kroner mot Bergen 2017. Sidan firmaet også var underleverandør for andre firma, skriv den manglande betalinga seg til 2,6 millionar kroner.

– Eg syns det er hårreisande. Eg kan ikkje forstå anna enn at ein har sett på seg skylappane og styrt løpet ut.

Totalt sit VM-arrangøren inne med 76 millionar i ubetalte rekningar. NRK kjenner til at enkelte kreditorar no undersøker om dei kan ta rettslege grep for å sikra at i det minste deler av pengane kjem inn.

Beklagar

Torsdag gjekk Bergen 2017 ut med brev til offentlege styresmakter og det internasjonale sykkelforbundet (UCI) med mål om å få avskrive ein del av dei uteståande krava.

Mona Hellesnes, styreleiar Bergen 2017

– BEKLAGELEG: Mona Hellesnes, styreleiar i Bergen 2017, beklagar situasjonen selskapet har hamna i.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

UCI skal framleis ha 13,5 millionar kroner medan offentlege kreditorar har krav på 28 millionar.

– Me ynskjer å gjera alt me kan for at lokale firma skal få dekt i alle fall deler av det dei har uteståande, sa Hellesnes til NRK torsdag.

NRK har vore i kontakt med arrangementssjef Helge Stormoen i Bergen 2017. Han viser til dagleg leiar Harald Tiedemann Hansen og styreleiar Mona Hellesnes for svar på kritikken frå Kulturoperatørene. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med dei to fredag.

Les også: VM-speakeren har ikkje fått betalt etter sykkelfesten